Me har fem ressurssjukepleiarar med vidareutdanning i palliasjon og ein fysioterapeut med utdanning i lymfedrenasje.

Dersom du blir ramma av kreftsjukdom eller er pårørande og treng hjelp til noko, eller berre ynskjer å snakke med nokon, kan du ta kontakt med kreftkoordinator, Marit Sjøvangen.

Kva kan kreftkoordinator hjelpa deg med?

  • Koordinere tenester og vera eit ledd mellom pasient, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. 
  • Heimebesøk med samtale, oppfølging og støtte til både pasientar og pårørande. 
  • Støtte og hjelp til born når mor eller far har kreft 
  • Støtte og hjelp til familiar med kreftsjuke born 
  • Råd til lindring av plagsame symptom 
  • Råd om kost og ernæring 
  • Informasjon om tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorg   både lokalt og nasjonalt. 
  • Jobba tverrfagleg, samarbeida med sjukehus, fastlege og andre relevante samarbeidspartar. 
  • Bidra med å søkja/skaffa naudsynte hjelpemiddel

Les brosjyren vår her