Eigedomsskatt er ein skatt som kommunen sjølv har styring med og kommunen får alle skatteinntektene. Det er kommunestyret i kommunen som avgjer om kommunen skal ha eigedomsskatt, og eigedomsskatten må vedtakast for kvart einskild skatteår. Vedtaket blir teke i samband med bugsjetthandsaminga året før skatteåret. Eigedomsskatten blir rekna ut frå ein skattetakst som er sett for kvar einskild eigedom, og taksten skal gjennspegla omsetjingsverdien slik det framgår av lova om eigedomsskatt til kommunene § 8 A-2: "Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlige salstilhøve ved fritt sal".

Dei eigedomsopplysningane som taksten byggjer på, er henta frå matrikkelen. I matrikkelen finn ein opplysningar om dei ulike bygningstypane, bruksareal (BRA), tomtestorleik, byggjeår m.m..

Les meir om eigedomsskattelova her.  
Les meir om Matrikkelen her.