Våre merkantile medarbeidarar har lister over alle innbyggjarane og prioriterer etter alder og risikogruppe. Dei gjer ein kjempejobb! Mange innbyggjarar sit med tolmod og ventar og vonar at dei snart vert ringde til, høyrer om andre som har fått vaksine og undrar seg over om dei er blitt gløymt, undrar seg over at kvifor naboen som ikkje er sjuk fekk vaksine først, lurer på om dei må ringja for å sikre at dei ikkje er blitt gløymt? Våre merkantile jobbar på spreng for å sikre at ingen vert gløymt, at ein prioriterer slik dei nasjonale føringane skisserar, prioriterer slik fastlegane har tilrådd. Det er mange å ringja til, og ver trygg på at du ikkje vert gløymt. Din tur kjem.

Kommunen har 2 vaksinasjonsstader der massevaksinasjon best kan gjennomførast i tråd med reglar om smittevern. Viljen til å hjelpa til er stor. Heimetenesta og sjukeheimane har sytt for vaksiner til dei eldste og svakaste.

Helsesenteret på Hatlestrand har sytt for at dei eldste, utan høve til å komme seg til over fjorden, har fått sin vaksine på legekontoret. Det krev logistikk og velvilje til å få dette til.

Dei aller fleste klarer å komme seg til massevaksinasjonsstaden på Husnes eller i Rosendal, sjølv om det er nokre mil frå der ein bur. Attendemeldingar frå innbyggjarar som har fått sin vaksine, er gode. Eit lyspunkt i ei tung tid.

I vaksinasjonslokalet vert ein møtt med velvilje og trygghet. Hender vert sprita og munnbind er sjølvsagt. Frivillige syt for at innbyggjarar vert losa trygt fram til ein nyvaska vaksinasjonsstol. Her blir ein møtt av sjukepleiarar frå ulike tenester i kommunen, pensjonerte sjukepleiarar og helsesjukepleiarar. Engasjerte og trygge. Det er flott å sjå kor mykje kompetanse som ligg i kommunen vår!

Vaksiner vert sirleg trekt opp, og menneske som sit i stolen og ventar på sitt stikk, vert møtt med eit smil bak munnbindet, kyndige hender som veit korleis vaksinen skal setjast, reflekterte sjukepleiarar som vurderer om det føreligg grunnar for at vaksinasjon ikkje bør gjennomførast og som kontaktar lege om ein er i tvil. Sjukepleiarar som følgjer med og tar hand om deg om du vert uvel eller reagerer annleis enn venta. Du er i trygge hender.

På ein vaksinasjonsstad vert 50 personer vaksinert per time. Det gjer godt med ein velfortent matbit i 12 tida. Alle vaksiner vert registrert i nasjonalt vaksineregister og fastlegen får melding om at vaksinen er sett.

Det er kjekt å sjå fleksibiliteten, velviljen og kompetansen som er i sving. Godt jobba alle saman!

Ein skal vaksinera mange endå, men eg er viss om at Kvinnherad kommune såleis er godt rusta til dette.

 

Leiande helsesjukepleiar Line S. Holmedal