Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
- Vaksinering startar på Husnestunet 07.01.2021
- Deretter fyljer Halsnøytunet og Rosendalstunet
- Restdosane vil i første omgang bli prioritert til helsepersonell som er i kontakt med mange potensielle smitta, og som er vanskelege å erstatta.
Helsepersonell vert høgare prioritert enn tildegare opplyst, og det er gjeve høve til å nytta 20% av tilsendt vaksine til helsepersonell. Helsepersonell blir først prioritet frå veke 2. Første levering er kun til sjukeheimar.
I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle det er rådd til å vaksinera. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte først:
- Bebuarar i sjukeheim
- Dei over 85 år
- Dei over 75 år
- Dei over 65 år
- Personar 18-64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar – risikogruppe
Kommunen vil først kontakta dei over 85 år, og deretter aldersgruppene vidare nedover på prioriteringslista.
Innbyggjarar under 65 år som er utan tilleggsliding må fylja med på annonsering i lokal avisene og/eller på kommunen si heimeside for å orientera seg om kva tid dei kan få tilbod om vaksinering.
Les meir om prioritet her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
Det vil vera to vaksinasjonsstader i kommunen:
- Kulturhuset på Husnes
- Rosendal Samfunnshus
På Hatlestrand/Ølve vil dei eldste få tilbod om vaksinering på Hatlestrand helsesenter.
Kommunen oppmodar om at alle som har moglegheit kjem seg til vaksinasjonsstaden ved eiga hjelp – for å gjera arbeidet meir effektivt.
Kommunen veit ikkje dato enno, men vil ta kontakt straks vi har ein konkret time å tilby for desse gruppene.
For dei under 65 år vil vi koma attende med informasjon om korleis dei skal gå fram i høve til vaksinering.
For meir informasjon om koronavaksinering, sjå Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp