Folkehelseinstituttet har vedteke at ein no kan testa seg for covid-19 om ein mistenkjer at ein kan vera smitta, utan å bli vurdert av lege først. Koronatelefonen er open måndag til fredag frå klokka 08:00 til 10:00 og frå klokka 13:30 til 14:30. Telefonen er betjent av ein sjukepleiar.

Informasjon om testing og framgangsmåte

– Det er viktig at alle som no trur at dei kan vera smitta, eller har forkjølelsesliknande symptom, nyttar høve til å testa seg.

Lurer du på symptom på covid -19 ? Sjekk her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/hvis_du_mistenker_at_du_er_syk_med_covid-19/

Koronatesting er gratis og prøvesvar får ein etter ca to dagar.

Ein oppmodar koronatesting for:

- Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19

- Alle som kan ha blitt smitta med covid-19, anten som nærkontakt eller etter utanlandsreiser

Andre grupper kan testast etter vurdering av lege. Nokre gonger må ein ta testen ein gong til, men det er det legen som bestemmer.

Koronatelefonen nr. 908 60 166 er open måndag til fredag klokka 08:00-10:00 og klokka 13:30-14:30. Telefonen er betjent av ein sjukepleiar. 

Er du helsepersonell eller kritisk personell (brann/politi)  ber vi deg ringa med ein gong telefonen opnar om morgonen for å reservere test-tid same dag.

Slik går du fram:

  1. Ha klart personnummer og grunngjeving for kvifor du vil ta testen.
  2. Ring koronatelefonen og avtal time.
  3. Møt opp i teltet i bil presist til avtalt tid.
  4. Testen blir utført og merka med namn og personnummer. Denne blir så sendt til Haukeland.

Testing:

Slå av motoren på bilen når du står i teltet. 
Du vert testa medan du sit i bilen.
Testen vert teken i hals eller nase.
Dette er avhengig av tre forhold:

1. Kva testutstyr som er tilgjengelig

2. Den som testar skal bruke metoden den meistrar best då det gjev ei god prøve.

3. Anatomi og fysiske tilhøve hjå den som vert testa.

 

Svaret på testen finn du på helsenorge.no

Du får ikkje melding om at svaret kjem - du loggar deg på og ser etter. Testar du positivt vil kommuneoverlegen ringa deg.

Er du under 12 år så kjem svaret på føresette si profil.


Du er i karantene til svaret ligg føre.

Du er sjølvsagt vidare i karantene til du er frisk.

Kart over plassering koronatelt

Koronateltet er lokalisert ved portvakt Hydro Husnes (Søral)

Koronakart.JPG

koronatelt.JPG