Kontaktperson: Lene Gjuvsland Skjelnes
Mobil: 468 26 785
Epost: koordinerande.eining@kvinnherad.kommune.no
Besøks- og postadresse: Rådhuset, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Kva er Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Koordinerande eining har ansvaret for arbeidet med individuelle planar og oppnemning og opplæring av koordinatorar i kommunen.

Koordinerande eining kan kontaktast for råd og rettleiing, eller hjelp til å få oppretta koordinator eller individuell plan.

Kva er individuell plan?

Individuell plan er ein prosess for korleis tenestene du treng skal verke saman slik at du får ei heilskapleg oppfølging – tilpassa dine behov. Det som er viktig for deg, skal vera utgangspunktet for planarbeidet. Planen skal beskriva måla dine, kva som skal gjerast, kven som har ansvar for kva og til kva tid.

Kva er koordinator?

Koordinator er ein av dei fagpersonane du har kontakt med, som saman med deg koordinerer tenestene og sikrar framdrift i arbeidet med den individuelle planen din. Koordinatoren syter for at du, og eventuelt pårørande, vert involverte tett i arbeidet med planen din. Ulike yrkesgrupper kan ha rolla som koordinator. Kva du ynskjer skal vektleggjast ved val av koordinator.

Kven kan få individuell plan og koordinator?

  • Alle som har bruk for fleire helse og omsorgstenester over ei viss tid. Behovet treng ikkje å vere varig.
  • Personar i ulike aldrar og utan omsyn til diagnosar og/eller type funksjonsutfordringar
  • I vurderinga av behovet for langvarige og koordinerte tenester skal også tiltak frå andre sektorar takast med.

Kva vil det seie for deg å ha ein individuell plan og koordinator

  • Du vert involvert og planen er basert på dine mål
  • Du har ein koordinator som har oversikt over situasjonen din
  • Du får ikkje nødvendigvis fleire tenester, men du får koordinerte tenester som samarbeidar
  • Du avgjer kva opplysningar som vert delt mellom tenestene

Korleis få koordinator?

Kommunen pliktar å utnemne ein koordinator når det er naudsynt. Ta kontakt med tenesteytar eller Koordinerande eining for spørsmål og rettleiing.

Korleis få individuell plan?

Kommunen pliktar å utarbeide ein individuell plan når dette er naudsynt. Ta kontakt med tenesteytar eller Koordinerande eining for spørsmål og rettleiing.