Formålet med individuell plan og koordinator

Formålet med individuell plan og koordinator, jf. forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator §1, er å

  • Sikre at pasient/ brukar får eit heilt, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod

  • Sikre pasient/ brukar sin medverknad og innflytelse

  • Styrke samhandlinga mellom tenesteytar, pasient/ brukar og eventuelt pårørande

  • Styrke samhandlinga mellom tenesteytarane på tvers av fag, nivå og sektorar

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator blir oppnemnd i samband med individuell plan, men skal òg bli gitt høve til sjølv om ein takker nei til individuell plan. Formålet med koordinator er det same som for individuell plan.

Koordinerande eining
Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal ha oversikt over rehabiliteringstilbodet i kommunen, og kan hjelpe deg med informasjon, igongsetting og samordning av hjelpetiltak.

Kontakt
Leiar Grethe Revne, tlf.
Besøksadresse er rådhuset i Rosendal.