Konsesjon tyder løyve til erverv av fast eigedom. "Erverv" er eit felles nemning for alle måtar ein kan overta ein eigedom på; kjøp, arv, gåve og liknande. Fast eigedom kan til dømes vera hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.

Målet med lova om konsesjon er å oppnå eigar- og brukstilhøve som er til det beste for samfunnet. Lova byggjer på at areal er ein knappheitsressurs som det er viktig å bruke og fordele på ein samfunnsmessig forsvarleg måte. Det er framleis slik at ikkje alle bruksoverdragingar treng handsaming etter konsesjonslova. Mellom anna er ikkje konsesjon naudsynt når ervervaren er i slekt med eigar (jamfør § 5).

Om ein ikkje ynskjer å busteje seg på eigedomen, må ein etter gjeldande konsesjonslov søkje om konsesjon. Det kan ikkje søkjast om fritk frå buplikta, men buplikt kan setjast som eit konsesjonsvilkår.

"Ved erverv av bebygd eiendom hvor fulldyrka og overflatedyrka jord er mer enn 35 dekar, eller eiendommen består av mer enn 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfriheten etter 1. pg 2. ledd i § 5, betinget av at erververen bosetter seg på eiendommen innen ett år og selv bebor den i minst 5 år".

Grensa for konsesjonsfri omsetnad på busette eigedomar har auka til 100 dekar totalareal, på vilkår av det fulldyrka og overflatedyrka jorda ikkje er meir enn 35 dekar (endra i 2017). Ved overtaking av ikkje busette eigedomar som er meir enn 2 dekar, må overtakar sende inn eigenfråsegn til kommunen, som førar fråsegnet inn i matrikkelen til Statens Kartverk. Les meir om dette på Kartverket si heimeside.  

Skjema for søknad om konsesjon og eigenfråsegnskjema, finn ein på heimesida til Landbruksdirektoratet.

Les meir om konsesjon her, og har du fleire spørsmål, ta kontakt med kommunen sitt landbrukskontor.

Tun_sauTun_Gul_Løe2