Kommunestyret er det øverste styrande organ i kommunen, og gjer vedtak på kommunen sine vegne dersom ikkje anna følgjer av lover og forskrifter. Kommunestyret i Kvinnherad har i utstrakt grad delegert mynde til formannskapet, komiteane og administrasjonen v/rådmannen. Dette skal sikra ei rask og effektiv saksbehandling ved at avgjerdene vert tekne nærast mogeleg brukaren og innbyggjarane. Kommunestyret har 35 representantar, valde etter reglane i kommunelova og vallova.
Kommunestyret har ansvar for heilskapleg styring og prioritering av kommunen sine tenester, oppgåver og ressursar og er ein arena for levande politisk debatt og diskusjon om aktuelle spørsmål.

Oppgåvene er mellom anna:

  • vedta overordna prinsippsaker og målsetjingar i samsvar med lover og forskrifter
  • vedta årsmelding, rekneskap, handlingsplan, økonomiplan og årsbudsjett
  • resultatvurdering
  • vedta overordna planar og planar etter særlovgjeving
  • vedta planar etter plan- og bygningslova
  • vedta standard og serviceerklæringar knytt til kommunale tenester
  • gjere vedtak i saker som er innstilte frå formannsskapet og komiteane
  • vedta prioriteringar som omfattar kommunen sine ulike aktivitetar
  • foreta val til alle kommunale komitear og styre m.v.
  • vedta saksområde og delegasjonsreglement til formannskap, komiteane m.v.
  • vedta delegasjonsreglement til rådmannen

Kommunestyret sitt tilsyns- og kontrollansvar:
Kommunestyret har det øvste tilsynet med kommunen si samla forvaltning og kan krevje at eikvar sak blir lagt fram til orientering eller avgjerd. Kommunestyret vel eit kontrollutval til å stå for tilsynet med den kommunale forvaltninga.

Her finn du møteoversyn og medlemmer.

Gruppeleiarar

Her finn du oversyn over gruppeleiarane for perioden 2015 - 2019.

Gunnar Våge (SP)
Tlf. 971 13 078

Hege Lægreid Røssland (SF)
Tlf. 992 88 076

Hilde Enstad (AP)
Tlf. 906 80 352

Kent Are K. Petterson (V)
Tlf. 995 20 844

Leif Sverre Enes (H)
Tlf. 917 30 034

Otto Benjaminson (KRF)
Tlf. 958 68 544

Ove Lemicka (FRP)
Tlf. 909 23 464

Svein Opdal (MDG)
Tlf. 928 56 237