Kommunekart.com er ein kartportal for heile landet. I kartportalen du finn detaljerte kart og flybilete over Kvinnherad kommune, i tillegg til mellom anna tekniske kartdata, arealplanar og temaplanar. Kvinnherad kommune har sin eigen "klient", https://kommunekart.com/klient/kvinnherad/kart, og her har kommunen moglegheit til å administrere mykje av innhalde sjølv. Kvinnherad kommune ynskjer at mest mogleg av kartdataen er tilgjengeleg for alle så langt det lar seg gjere. Etter kvart vil det bli opprette fleire klientar som knyttar seg til ulike tema, som til dømes reiseliv, kultur, samferdsle, friluftsliv, med meir. Informasjon om dette vil kome seinare.

Det er ein del innbyggjarar i kommunen som framleis nyttar Fonnakart.no. Fonnakart vart starta som eit samarbeid mellom 19 kommunar, og var ei tidleg utgåve av det vi no kan sjå i kommunekart.no. Forskjellen på fonnakart.no og kommunekart-klienten til kommunen er at fonnakart administrerar vi ikkje sjølv og difor har kommunen ikkje moglegheit til å leggje ut dei datalaga eller funksjonane som ein ynskjer. Til dømes kan ein ikkje få opp teiknforklaringa i venstremenyen. Fonnakart vil ikkje bli oppdatert, og vil etterkvart bli fjerna. Difor oppmodar vi publikum til å gå over til klienten https://kommunekart.com/klient/kvinnherad/kart.

Kommunekart