I første omgong ønskjer vi ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell. Men me treng også ei oversikt over dei tilsette som kan vera tilgjengeleg for arbeidsgjevar på andre måtar. Dersom vi kjem i ein situasjon der vi manglar personell, tek vi direkte kontakt med deg. Vi tenkjer i fyrste omgong på helsefagstudentar, medisinstudentar, sjukepleierstudentar, vernepleiarstudentar, personar med helsefagleg erfaring eller kompetanse (også innan privat sektor). Men vil også ha inn annan type kompetanse.
NB: Har du allerede 100% stilling innan helse i kommunen (eller andre helseinstitusjonar) treng du ikkje å registrera deg her.

Ønskjer du å bidra? Meld deg her

Kommunen er i ein situasjon der personellressursar, særskilt innan helse- og omsorgstenestene, må disponerast på ein mest mogleg fornuftig måte. Smittesituasjonen er i stadig endring, og tiltak må kunne tilpassast situasjonen.

Helsepersonell i Kvinnherad kommune bør i størst mogleg grad, i noverande situasjon med auka smittefare, unngå å arbeida på fleire avdelingar/einingar. Helsepersonell skal heller ikkje oppsøkja arbeidsplassen sin utanom arbeidsvakta, med mindre anna er særskilt avtalt med leiar.

Frivillige

Vi lagar no ei oversikt over frivillige som ønskjer å bidra til å sikre gode kommunale tenester i disse koronatider - dersom det vert naudsynt. Vi kan komma til å trenga hjelp til mange oppgåver. Vil du bidra?

Kvinnherad kommune deltar aktivt i den store felles helsedugnaden for å stoppe spreiinga av koronaviruset. Det kan ta tid. Vi kan komma i ein situasjon der vi, på grunn av karantene og sjukdom, ikkje har nok folk til å levere gode nok tenester til våre innbyggjarar. Difor ønskjer vi allereie no å skaffa oss ei oversikt over frivillige som ønskjer å bidra dersom det vert naudsynt. 

Vi ønskjer å danne oss eit bilete av kva kompetanse og ressursar du sit med. Fyll ut dette skjemaet, så kan det hende vi tek kontakt med deg. På førehand takk!