Jordbruket i Kvinnherad er ei viktig næring for kommunen, og det er ei næring som er i positiv utvikling. Mellom anna er det stor pågong av unge som ynskjer å overta ein gard. Entusiasme og satsing pregar landbruket.

Hausten 2022 var det kring 240 personar som søkte produksjonstilskot.

Det er årleg reigstrert om lag 22.000 daa dyrka jord, og om lag 17.500 daa innmarksbeite. Hovudproduksjonen er mjølkeproduksjon med 70 leverandørar, 1535 mjølkekyr og 3310 øvrige storfe. Sauehald er òg ein viktig produksjon med 163 produsentar, 7500 vaksne sauer og 11.170 ungsauer (tala er frå 31.07.2016). Elles fins det ein del geiter, gris og høns.

Kyr i drift Robotmating sau

Det er stor interesse for dyrking i Kvinnherad, og i 2017 vart det godkjent til saman 230 daa nytt land. Seinare år har dette minka. Mange nyttar overskotsmassane frå diverse byggeprosjekt til å forbetre allereie dyrka mark, medan ein del av massane går til nydyrking. Mange stader i kommunen er ein i gong med å drenere eksisterande mark. Truleg vil behovet for drenering berre auka med auka nedbør og meir intensiv nedbør.

Nydyrking start  Nydyrking i gang  Nydyrking ferdig

Saman med NLR-Vest, og med støtte frå Statsforvaltaren, har Kvinnherad kommune starta opp eit stort prosjekt innan klimasmart landbruk. Kring 30 bønder er med på dette prosjektet. Det er òg sett i gong eit prosjekt der ein skal vurdere nye driftformer innan sauehaldet.

Det er oppretta to grupper på Facebook der ein kan følgje med på kva som skjer innan landbruket i Kvinnherad: Ei lukka gruppe for bønder og ei som er open for alle.

 

Utviklinga på tal sysselsette i Kvinnherad i jordbruk, skogbruk og fiske ser du her:

C:Usersk1138DesktopSysselEtterBoste.png

 

Verdiskapinga i primærnæring i Hordaland 2016 (målt som bruttoprodukt) ser du under. Kjelde: NIBIO rapport 174 frå 2018.

Graf som viser verdiskapinga i primærnæring i kommunar i Hordaland 2016

Omvikdalen

Foto: Torstein Lund Eik

Alle andre bilete er tekne av Tore Eik.