Rådyr
Det har vore jakta rådyr i Kvinnherad sidan 2010. Det siste året vart det felt 33 dyr som var fordelt på 18 bukkar, 9 geiter og 6 kje.
Det var 24 jaktvald som hadde totalt 130 fellingsløyver i 2018.
Hjort
I 2018 vart det felt 1197 hjort. Der er ein auke på 140 dyr frå året før, og det er det beste resultatet etter 2012. Fellingsprosenten vart 82,3 %, og det høgaste etter 2010 då fellingsprosenten var like høg.
|
Bukke kalv |
Kolle kalv |
Årings bukk |
Årings kolle |
Eldre bukk |
Eldre kolle |
Sum |
Felte dyr |
193 |
164 |
216 |
172 |
213 |
239 |
1197 |
Fordeling % |
16,1 |
13,7 |
18 |
14,4 |
17,8 |
20 |
82,3 |
Snitt vekt kg |
25 |
22 |
42 |
37 |
71 |
51 |
|
Total kg |
4825 |
3608 |
9072 |
6364 |
15123 |
12189 |
51181 |
Oppførte snittvekter kan bli noko justerte når alle dyra blir registrert på hjorteviltregisteret. Til no er under halvparten av dyra lagt inn (per 08.02.2019).
Jaktresultatet har store variasjonar òg i 2018, men heile 26 jaktvald kom ut med minst 100 % felling.
- Ølve og Hatlestrand enda på 90 % samla og her hadde 8 av 19 vald 100 % felling.
- Dei 31 jaktvalda som er organisert i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden Bestandsplanområde enda på ei felling av 674 dyr eller 86,7 %. Området har òg i 2018 felt litt for stor del vaksne dyr, både bukkar og koller. Men det nærmar seg målsetjinga mot planlagd maksimalt 33 % av kvart kjønn. Det står litt att før kalveandelen kjem opp i målsetjinga om minst 34 %, den stoppa på 31,8 % siste året.