Me kan denne dagen tilby følgjande:
* råd og rettleiing
* enkle reparasjonar
* øvingskøyring
* sosialt samvære
* uformell quiz og noko å bita i

Ergoterapitenesta tar imot påmelding innan 31. august. Om du har manglar med din elektriske rullestol, ver gild å ta kontakt med ergoterapitenesta i Kvinnerad kommune, slik at me kan bestille delar i god tid.

Me har avgrensa moglegheit for transport og vil oppmoda deg til å syte for transport til / frå Husnes for deg og rullestolen din. Ved ein eventuell reperasjon kan du ikkje sitje i rullestolen. Me oppmodar og at rullestolen er reingjort og merka med namn.

Oppmøtestad:
Lokalet til Møbelringen ved Kiwi. Sentrumsvegen 41, Husnes.
Tid: 10.00

NB! I brevet me sendte ut, var det diverre oppgitt feil telefonnummer. Her er det rette:

Kontakt for påmelding:
Ergoterapitenesta, tlf. 53 46 16 50.