Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Informasjon om offentleg journal

Kvinnherad kommune vil praktisera utvida openheit og innsyn, og i utgongspunktet skal kommunen vera ein ja-kommune med fullt innsyn i forvaltninga.

Det er oppretta ny database frå 01.01.2022. Dette vil gjera at ein må søkja i 2 postlister, ei historisk som går fram til 31.12.2021 og ei ny frå 01.01.2022.

Inn- og utgåande dokument til og frå Kvinnherad kommune blir publisert på postlista 4 dagar etter journalføring (kontrollert og sjekka inn i arkivet). 

POSTLISTA FRÅ 01.01.2022 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

POSTLISTA FRAM TIL 31.12.2021   Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her finn du oppskrift på korleis ein finn utvalsmøter, medlem og saksdokument i den nye postlista

Innsynsretten i kommunen sine dokument er heimla i offentleglova Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. med forskrift Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og personopplysingslova Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Offentleg tilgjengelege dokument søkjer du sjølv opp og les på postlista. Dokumenta blir publisert på internett 4 dagar etter at dei er journalført (kontrollert og sjekka inn av arkivet). 

På postlistene kjem post som:

  • er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
  • har allmenn interesse
  • har verdi som dokumentasjon

Dokument med personnummer, kontonummer o.l. (tilgongskode IP) blir ikkje publisert, men er tilgjengeleg på førespurnad.

Dokument som er unnateke offentligheit
Dokument som etter lova er underlagt teieplikt, er unnateke offentlegheit. Om innsynsrett i offentlege dokument, sjå Offentleglova Lenke til et annet nettsted. kap 2 og 3.

Dokument som ikkje ligg på postlistene
Eldre dokument
Dokument på postlista, under felt siste journalposter, er tilgjengeleg frå 2010.
Personsaker
Dokument knytt til arkivdel for personale, elevar og klientar blir ikkje publisert.

Eventuelle krav om innsyn kan rettast til post@kvinnherad.kommune.no .

Pasient- og klientsaker vert handsama i lukka fagsystem og blir haldne utanom internett. Partinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Krav om innsyn må rettast til aktuell tenestestad.

Du treng Adobe Acrobat Reader for å lese dokumenta. Last ned her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Les meir om innsynsrett her.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?