Ferien er over og treng du ein koronatest, ring Koronatelefon for vaksine og testing: 90 86 01 66. Telefonen er open mellom klokka 08.00 og 10.00 kvardagar.
Utreise-testar og testar før arrangement kan vi ta dersom vi har kapasitet.

På heimesida til folkehelseinstituttet, FHI, finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon og oppdaterte retningsliner om korona. Sjå HER

Du kan òg finna informasjon om korona på helsenorge.no 

Vi jobbar saman om å halde smittetala nede. Alle som er busett i eller besøker Kvinnherad kommune må følgje dei nasjonale retningslinene for åtferd i høve koronapandemien.   

Grunnleggjande åtferd : 

  • Hald avstand til andre 
  • Sørg for god handhygiene og gode hostevanar til ei kvar tid 
  • Hald deg heime om du har symptom på luftevegsinfeksjon  
  • Last ned smittestopp-appen 
  • Meld deg på til vaksinering, møt til oppsett tid. 

Testing

  • Du skal testa deg dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, hovudverk eller sjukdomskjensle).  
  • Barn under 12 år med lette symptom, kan sjå an eit par dagar før eventuell testing.  
  • Testing gjeld òg dersom du har fått éin eller to dosar med vaksine. 
  • Dersom du kjem frå utlandet gjeld eigne reglar for testing. Hald deg orientert om reglane som gjeld til ei kvar tid. Testing i samband med innreisekarantene kan du ta her i kommunen dersom du har karantene heime.  
  • Koronatesting er gratis og prøvesvar får ein innan 48 timar på helsenorge.  

Du tingar tid til test på koronatelefonen, nr: 90 86 01 66  

Telefonen er open måndag til fredag, klokka 08:00-10:00.                                                                                                            
Telefonen er betjent av ein sjukepleiar.  

Slik går du fram når du tingar time: 

  1. Ha klart personnummer og grunngjeving for kvifor du vil ta testen. 
  2. Ring koronatelefonen og avtal time. 
  3. Møt opp i teltet i bil presist til avtalt tid. 
  4. Testen blir utført og merka med namn og personnummer. Denne blir så sendt til Haukeland.

Når du kjem til testing: 
Slå av motoren på bilen når du står i teltet.  
Du vert testa medan du sit i bilen. 
Testen vert teken i hals eller nase. 

Er du under 12-16 år så kjem svaret på føresette si profil. 
Du er i karantene til svaret ligg føre. 

 

Negativt testsvar: COVID-19 ikke påvist 

  • Du held deg for deg sjølv til du føler deg frisk.  

Positivt testsvar: COVID-19 påvist : 

  • Du er pålagt å vera i heimeisolering.  
  • Du held ein meter til andre du bur saman med inne.   
  • Du har eige bad og eige rom om det lar seg gjere. 
  • Du vert ringt opp av kommuneoverlegen i Kvinnherad som informerer deg om vegen vidare. 
  • Du deltek i smittesporing ved å melda frå om kven du har vore i nærkontakt med. 
  • Du er i isolasjon til kommuneoverlegen seier du kan gå ut av isolasjon. Dette er til vanleg 10 dagar etter du fekk symptom eller positiv test.  
  • Du legg inn i smittestopp-appen din at du har testa positivt.   

Køyremønster ved test-teltet: 
Køyr inn frå Husnessida av teltet - to rekker heilt fram til teltet - ein frå kvar kø inn i teltet. 
Syklande, gåande og moped forserar kø og blir prioritert først. 

Kart over plassering koronatelt - ved eventuelle smitteutbrot

Koronateltet er lokalisert ved rundkøyringa til Halsnøytunnelen. (Podlen)