Kven bør ta vaksine?

Følgjande personar bør ta vaksine grunna auka risiko for alvorleg sjukdom:

  • Alle over 65 år
  • Bebuarar på sjukeheimar og i omsorgsbustadar
  • Barn og vaksne med hjarte – og lungelidingar, diabetes, lever- eller nyresvikt, nevrologisk sjukdom, særs alvorleg fedme og svekka immunforsvar (og deira pårørande).
  • Gravide i 2. og 3. trimester, samt gravide i 1.trimester som har kronisk sjukdom eller er helsepersonell.

I tillegg oppmodar ein influensavaksine til følgende grupper, primært for å beskytta andre (indirekte beskyttelse):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Det er kun dei som er i risikogruppa som vil bli prioritert først. Alle andre som ynskjer vaksine, må venta til 01.12.20

Det vil vera mogleg å få vaksine mot lungebetennelse samme dag (pneumokokkvaksine).

Grunna Covid-19 pandemi, vert gjennomføring av årets influensavaksinering organisert med ekstra smitteverntiltak og i lokaler med god nok plass. Dette for å gjera vaksinasjon så trygg som mogleg. Helsesentra i kommunen har korkje kapasitet eller eigna venterom til å vaksinere mange på ein gong. Kommunelegen har difor ei oppmoding om at ein nyttar vaksinedagane til å få sett vaksinen. Dei som allereie har time hos fastlege, kan få sett vaksinen der. Etter siste vaksinasjonsdag, vil eit eventuelt restlager bli fordelt mellom helsesentra, slik at det vil vera mogleg å få tatt vaksinen i etterkant av vaksinedagane, om det er fleire vaksiner igjen.

Smitteverntiltak

  • Møt ikkje opp til vaksinasjon om du har luftvegsymptom eller er i karantene
  • Bruk munnbind frå du kjem til vaksinasjonslokalet, og til du forlet vaksinasjonslokalet
  • Bruk handdesinfeksjon når du kjem og når du forlet lokalet
  • Hald 1 meter avstand.
  • Du kan måtte venta utanfor lokalet om ventesona vert fylt opp med maks antall. Arrangør slepp inn etter kvart som det blir ledig.
  • Kun betaling med kort

Vaksinasjonsdagar i Kvinnherad

HUSNES (Kulturhuset på Husnes):

26.10.20 kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00   - Dei med etternamn frå A - K

27.10.20 kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00   - Dei med etternamn frå L til Å

28.10.20 kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00   - Ope for alle etternamn


ROSENDAL (Samfunnshuset i Rosendal):

19.10.20 kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00   

Dei med etternamn frå A - K frå kl 08.30 - 12.00, dei med etternamn frå L - Å kl 13.00 - 15.00

20.10.20 kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00   - Ope for alle etternamn


HATLESTRAND (skule, gymsalen):

03.11.20 kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 14.30   

Dei med etternamn frå A - K frå kl 08.30 - 12.00, dei med etternamn frå L - Å frå kl 13.00 - 15.00

Det er fint om ein forsøker å fordela seg slik at dei med etternamn tidleg i alfabetet kjem ved oppstart osb.


ÅKRA(skule):

27.10.20 kl 14.00 til 16.00   


VARALDSØY (sjukeheimen):

03.11.20 kl 09:00 - 11.30

HALSNØY:

I år må innbyggjarane på Halsnøy reisa til Husnes for å vaksinera seg. Dette er fordi Halsnøy helsesenter ikkje er eigna for vaksinering når det kjem til smittevernomsyn.

Pris

Fastlegen får dekka utgifter knytt til vaksinasjon av HELFO, det er difor gratis å ta vaksine hos fastlege for dei med frikort, eller 50 kroner i eigenandel om du ikkje har dette. Ordninga gjeld diverre kun vaksine sett hos fastlege. Regjeringa har ikkje løyva samme ordning til andre aktørar som driv med influensavaksinering. På vaksinasjonsdagene vil vaksinen difor koste 150 kroner, uavhengig av om ein har frikort eller ei. Dette for å dekke utgifter knytt til leige av personell, lokale og utstyr. Prisen er sett ned frå tidlegare år. Vi beklagar at systemet legg opp til ein slik skilnad, men vonar at flest mogleg nyttar vaksinedagane.

Influensavaksine: 150 kr
Pneumokokkvaksine: 450 kr

Reisevaksinering

Kvinnherad kommune tilbyr reisevaksinering til barn og vaksne som skal ut å reise. Ordinær opningstid er kvar onsdag frå kl. 08 til 15:30.

Telefontid for bestilling av time, reiseråd etc, vil vera onsdagar frå kl 09.00 til 10.00 og kl 13.00 til 14.00

Ansvarlege helsesøstre
Elin Johnsen Eskeland
Tlf. 476 19 208
Elin R. Enæs
Tlf. 913 27 587

Kontoret for vaksinering held til på Husnes tenestesenter, Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes.

Sjekk https://fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/ for meir info kring kva vaksiner du treng ved utanlandsreise. 

Vaksineprisar 2019.pdf

Informasjon om koronvavaksinen kan du lesa her: https://www.kvinnherad.kommune.no/koronavaksine.545530.nn.html