Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon knytt til tragisk hending på Varaldsøy

Publisert , Oppdatert 23. april 2021

Kvinnherad-samfunnet er råka av ei tragisk hending som har funne stad på Varaldsøy. Ein person er funnen død, der omstenda er uklare. Kommunen uttrykkjer medkjensle og sorg med dei pårørande og lokalsamfunnet på Varaldsøy.

Det vert oppretta eit besøkssenter  for familie, vener og andre i Ungdomshuset på Varaldsøy i dag fredag 23. april frå klokka 10.00. Her vil det vera personar til stades frå kommunen si psykososiale støttegruppe for familie, vener og andre. 

Nærare informasjon i saka vil koma frå politiet i dag kl.10.00.