Det er også verdt å ha i bakhovudet at så og sei alle grøne land framleis har ein betydeleg høgare smitteførekomst enn i Noreg.

Oppdatert informasjon om land med unntak frå karanteneplikta (grøne land) finn ein på: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/

Helsepersonell med pasientnært arbeid som har vore på reise i grøne land utanfor Norden, skal testast éin gong for SARS-CoV-2 og ikkje ha pasientnært arbeid før negativ test ligg føre. For grøne regionar i Norden ser ein ikkje dette som naudsynt per no.

Alle som har vore utanlands og utviklar luftvegssymptom bør testast for SARS-CoV-2 og SKAL halda seg heime.

Minner om at det er gode smittevernrutinar som no held samfunnet i gong. Dette gjeld alle og overalt!

Hugs god handhygiene, hugs handsprit/handvask før og etter butikk- eller privatbesøk, praktiser god hoste-/nysehygiene, unngå folkemengder så langt det lar seg gjera, hald minimum éin meter avstand til andre i det offentlege rom, blei heime ved milde luftvegssymptom og utsett utlandsreisa om det lar seg gjera.

 

Ha ein fortsatt god og smittefri sommar!

Kommuneoverlege
Glenn A. Opland