Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
28. januar kl. 08:00

Nye smitta i løpet av siste døgn: 0

Les meir clear
error_outline
04. januar kl. 09:28

Koronatelefon for testing: 908 60 166. Måndag til fredag frå klokka 08:00 til 10:00 og frå klokka 13:30 til 14:30. Telefonen er betjent av ein sjukepleiar.

Les meir clear

Informasjon angåande heimekontor og vår kontakt med deg som innbyggjar

Etter nasjonale tilrådingar har no mange av våre tilsette heimekontor. Me ber om at dei som ynskjer møte med nokon av oss tek kontakt på førehand, slik at me får sett av tid til dette møtet dei dagane me er fysisk til stades på arbeidstaden. Kanskje kan me gjennom denne telefonsamtalen også ordna det meste via telefon eller gjerne gjennom eit digitalt møte? Ta kontakt så skal me finna ut av det!

PS: Du som allereie har avtale treng ikkje ta kontakt no. Dersom du ikkje høyrer noko frå din saksbehandlar/kontaktperson, går møtet som avtalt. Dette gjeld både Husnes Tenestesenter og Rådhuset.

Publisert | Oppdatert 11. november 2020