Presiseringar frå Helseministeren og Idrettspresidenten

Det er kome nye føringar for idrettsutøving og treningar. Kommunane eller Statsforvaltaren har ikkje fått noko konkret rolle i å følgje opp dette. Den særskilte idretten, foreldre osb. bør oppmodast til å følgje opp og passe på slik at føringane vert følgde.

Maks 20 personar kan trene saman, og det bør vere ein avstand på èin meter mellom desse

  • Ein bør ikkje nytte/halde i same utstyr (kaste ball til kvarandre, nikke ball)
  • Garderobar skal ikkje takast i bruk
  • Vaksne er oppmoda til å vera til stades når barn trener saman
  • Alle særforbund er oppmoda av idrettsforbundet til å laga eigne køyrereglar for sine idrettar

Kvinnherad kommune har ikkje stengt noko idrettsanleg eller bane. Kommunen vel å følgja nasjonale råd inntil anna evt. må vurderast på nytt. Rettleiing og anbefalingar om idrettsaktivitet: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/smittevern-for-idrett-covid-19

Helsemyndigheitene la onsdag fram ei klargjering av gjeldande vedtak datert 12. mars for utøving av idrettsaktivitet. 
Les meir her:https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2020/norges-idrettsforbund-onsker-helsedirektoratets-nye-avklaringer-for-idrettsaktivitet-velkommen/

Orientering om Helsedirektoratet si rettleing kan du lese her!

Alpinanlegg
Det er ikkje kome bindande fråsegner i om ein kan ha skiheisar opne. I føringane frå Helsedirektoratet er det presisert at ein ikkje kan drive med idrett der ein held i same utstyret. Open skiheis vil kunne vere i strid med desse føringane