Initiativtakar Sussi Bodin og andre på Folgefonnsenteret børstar støv av reiskapar frå husmormuseet i Rosendal. Gjengen stiller ut gamle kjøkenreiskapar, klede og andre bruksgjenstandar frå samlinga eigd av Kvinnherad kommune. I mange år var Wenche Skaaluren pådrivar for museet i kjellaren på Guddalshuset, men dei siste åra har ikkje gjenstandane vore tilgjengeleg for publikum.

Til opninga kjem Astrid Måkestad for å halde innlegg om mor hennar si drivkraft for husmormuseet. Det blir i tillegg musikk og innlegg ved Karin Thauland og Aslaug Eik. I Verven vaffel vert det mogeleg å kjøpe kaffi og lappar. For dei minste vert det aktivitetar knytt til bruksgjenstandane. Utstillinga står framme heile vinterferieveka frå måndag – fredag. Utstillinga er open og gratis for alle.

Velkommen!