Kvinnherad kommune vedtok i formannskapsmøtet 06.12.2018 at framlegg til planprogram for ny kommuneplan (samfunnsdel og arealdel) for Kvinnherad kommune skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Frist for uttale er sett til 10.02.2019.

Dokumenta knytt til saka finn de på postlista til Kvinnherad kommune.

I same møte (22.03.2018) som Kvinnherad kommunestyre vedtok gjeldande arealdel til kommuneplanen, vart det gjort vedtak om å starte arbeidet med ny kommuneplan, med samfunnsdel og arealdel. Dette arbeidet er kommunen godt i gong med, og planprogrammet er no lagt ut til høyring. Eit planprogram skildrar føremål og rammer for planarbeidet, planprosessen inkludert fristar og deltakarar, samt opplegg for medverknad. Har de forslag til opplegg for medverknad, framdrift og nye problemstillingar, har de moglegheit å sende inn merknad. Kommunen ynskjer at alle innbyggjarane i kommunen skal engasjere seg - no kan vi bli med å forme vår framtidige kommune!

Hugs at dette er ein plan om prosessen og ikkje sjølve innhaldet i planen. Innspel til innhaldet vil det bli opna for når planprogrammet er vedteke.

IMG_3765[2].JPG

Eventuelle merknadar til planprogrammet skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til:

Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 ROSENDAL
 
Har de spørsmål, kan desse rettast til:
Harald Maaland
harald.maaland@kvinnherad.kommune.no
Mobil: +47 957 58 259
 
Hildegunn Furdal
hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no
mobil: +47 906 78 429
 
Kjartan Thoresen
kjartan.thoresen@kvinnherad.kommune.no
Mobil: + 47 408 80 172