Kvinnherad formannskap sender på høyring forslag til namn for eit område kring første del av Opsangervegen:

«Jonas Lie-parken» gjeld eit areal på ca. 40 dekar som omfattar store delar av parken ved Opsangervatnet og tek med dei opne uteområda ved Kvinnherad kulturskule og Kulturhuset Husnes. Dette inkluderer også trappene ned frå Torgplassen, arealet mellom bygningane på staden og areal langs dei første 500 meter av Opsangervegen.

Formannskapet ber også om uttale til skrivemåten.

Bakgrunnen for saka er ein namnekonkurranse i samband med opning av den opprusta Opsangervegen på Husnes. Det aktuelle arealet er vist i kartet under:

Stadnamn_Husnes_2018_600x523.jpg

Formannskapet behandla saka i møte 14.11.2018 og saksutgreiinga med vurderingar og reglar for namnsetting finn du her: Formannskapssak 2018/77

Liste over innkomne forslag finn du her: Namneforslag

Merknadar skal sendast med e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brevpost til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. Frist for merknadar er 15. februar 2019.