Måndag 27.09

Vaksinasjon til innbyggjarar frå fylte 12 år

Kvinnherad kommune tilbyr vidare framover koronavaksine for årskulla 2006, 2007 og 2008, samt personar frå årskull 2009 som har fylt 12 år, etter tilråding frå Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon / All vaksinasjon er frivillig.

Vi har oppretta eit tilbod til dei som har ombestemt seg,  eller kanskje berre hadde behov for litt lenger tid til å tenka, og dei ungdommane som er fylt 12 år og går på barneskulen. Vaksineringa føregår på ettermiddag utanom skuletid, der foreldra sjølv følger barna til vaksineringa og tek med nødvendig dokumentasjon.

Vaksinering vert gjennomført på vaksinestadane Husnes og Rosendal, på ettermiddagstid. Skjer nokre torsdagar framover. Ein føresett må følgja barnet til vaksinasjon (ein av dei som har signert samtykkeskjema). Ferdig utfylt samtykkeskjema skal takast med (dersom ikkje levert tidlegare), samt identifikasjon for den som følgjer.

For bestilling av time og eventuelle spørsmål:

Send e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no.
Merk emnefeltet «Vaksinasjon frå fylte 12 år» og legg ved mobilnummer.
Ha klart barnet sitt personnummer til du vert oppringt.

 

 

Tysdag 21.09

Vaksinasjon til innbyggjarar, 3 dose

Innbyggjarar med alvorleg svekka immunforsvar grunna sjukdom eller bruk av immundempande medikament vil få tilbod om ein tredje vaksinedose: https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/

Dokumentasjon må leggjast fram til den enkelte som ynskjer slik vaksinedose, og dei som kjem inn under dette kan ta kontakt med e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no.

Bestilling av time og eventuelle spørsmål:

  • Send e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no.
  • Merk emnefeltet «Vaksine 3 dose» og legg ved mobilnummer.
  • Ha klart personnummer til du vert oppringt.

Rosendal, 20.09.21

Glenn Opland, Kommuneoverlege

Tysdag 14.09

Framover vil det verta mindre fleksibelt å bestilla seg time for koronavaksinering då det byrjar å minka på folk som vil vaksinerast, og mange er fullvaksinerte. Det vil veksla mellom vaksinering på Husnes og i Rosendal, stort sett anna kvar veke, og nokre veker vert det ikkje vaksinering i det heile tatt.
Totalt vaksinerte over 16 år som har fått 1. dose er oppe i vel 88%, og det er nesten 76% som er fullvaksinerte.

Denne veka vert det berre bestilte timar for vaksinering i Rosendal på torsdag fram til klokka 11.
Har du problem med å booka deg time, eller å endra timen, skriv e-post til: covid19@kvinnherad.kommune.no
På fredag byrjar vi med vaksinering av 12-15-åringar. Dette vert organisert gjennom skulane. Dersom forelder/føresett ynskjer å følgja barnet til vaksinering, ta kontakt med: covid19@kvinnherad.kommune.no

Måndag 06.09

Denne veka vert det berre vaksinering i Rosendal samfunnshus, på torsdag. Det er framleis mange ledige timar, så gå inn på https://timebestilling.remin.no for å bestilla deg time, eller for å endra timen du allereie har fått. Det vert også drop in frå kl. 12. Her må det ha gått fire veker frå du eventuelt tok første dose.
Ved spørsmål kan ein ringa vaksinetelefonen på 90 86 01 66 som er open måndag til fredag frå kl. 08.00 – 10.00, eller senda e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no

Vi minner også om at ein kan nytta høve til å slå to fluger i ein smekk med å førehandsrøysta på rådhuset, så unngår ein lang kø på valdagen. Her kan ein lesa meir om stadene ein kan førehandsrøysta: https://www.kvinnherad.kommune.no/foerehandsroeysting.559459.nn.html

Måndag 30.08

Denne veka skal det kun vaksinerast på Husnes på torsdag. Dei som har registrert seg i Remin utan å booka time, vil få tildelt ein time på sms. Om denne ikkje passar så kan ein logga seg inn i Remin for å endra timen sjølv. Får ein problem med dette kan ein senda ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no
Dei som tidlegare har fått time i Rosendal 02.09. vil bli flytta anten til Husnes eller ei veke fram i Rosendal.

Onsdag 25.08

Det er framleis mange ledige vaksinetimar i samfunnshuset Rosendal no på fredag. Vi oppmodar folk om å bestilla seg time her. Det vert drop in i Rosendal i morgon, torsdag, frå klokka 14.30 – 15.30.
På Husnes (i Festsalen) er det vanleg timebestilling, men det er høve til å stilla opp klokka 16.30 i morgon, torsdag, for å sjå om det er fleire vaksinedosar att.
Har du problem med bestilling/registrering i Remin (https://timebestilling.remin.no) kan du senda ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no

Onsdag 25.08

16- og 17-åringane anbefalast eit intervall mellom første og andre dose på 8 til 12 veker. Altså minimum 8 vekers intervall. Årsaken til at det anbefalast eit langt intervall er at unge har svært god immunrespons på vaksinen, og vil vera beskytta mot alvorleg sjukdom etter første dose. Eit langt intervall gir også lågare risiko for biverknadar.

Måndag 23.08

Denne veka får vi heile 2586 vaksinedosar!

Det vert difor vaksinering både torsdag og fredag på Husnes og i Rosendal. Oppmodar alle som enno ikkje har vaksinert seg om å registrera seg i Remin og booka time der: https://timebestilling.remin.no

Meir informasjon om drop in timar vil koma i løpet av veka.

Mange har allereie fått framskunda time for dose to, med ny time på sms. Vi håpar du kan ta imot timen, men dersom du likevel ikkje kan møta til vaksinering den tida du får tildelt, kan du ringa koronatelefonen (908 60 166) mellom klokka 08.00 til 10.00 på kvardagar eller skriva ein e-post til: covid19@kvinnherad.kommune.no

Måndag 16.08

Denne veka skal det setjast 720 vaksinedosar. Frå klokka 12 (torsdag) vert det opna for drop in-timar på samfunnshuset i Rosendal.

Veka etter får vi heile 2500 dosar. Då satsar vi på å vaksinera over to dagar - torsdag og truleg fredag, både på Husnes og i Rosendal.

Vi oppmodar alle som ikkje har tatt 1. dose om å gå inn og bestilla seg time på: https://timebestilling.remin.no

Dersom du ikkje får det til kan du ringa koronatelefon for vaksine: 908 60 166 eller ta kontakt på covid19@kvinnherad.kommune.no

Fredag 13.08

I komande veke (19/8) og veka etter (26/8) vil kommunen få mange vaksiner. Difor vil vi igjen prøva drop in for 2. dosevaksine i Rosendal 19/8 i første omgang. Det blir ikkje heile dagen for det er avhengig av kor mange som bestiller seg time. Vi kjem ut med nærare informasjon om dette ut i komande veke.

I tillegg vil vi flytta fram nokre 2.dosar som har eit 12 vekes intervall. Då vil folk få ein SMS om at tida for 2. dose er avbestilt og ny time er sett opp tidlegare.

Mandag 09.08
Denne veka skal vi setje 678 vaksinedosar. Det blir berre vaksinering på Husnes denne veka.

Vi oppmodar alle som ikkje har tatt 1. dose med vaksine om å gå inn og bestilla seg time på: https://timebestilling.remin.no  Dersom du ikkje får det til kan du ringa koronatelefon for vaksine: 908 60 166.

I dag er det mange ledige timar for 1. dosar på torsdag på Husnes.

Mandag 02.08. Status og oppmoding veke 31

Denne veka får kommunen tilsendt meir enn 1000 vaksinedosar, og me oppmodar om at alle som ikkje er vaksinert bestiller vaksinetime på: https://timebestilling.remin.no

Det nærmar seg skulestart og kommunen oppmodar særleg undervisnings- og barnehagepersonell som ikkje har fått 1. dose om å bestilla seg time. Det er ledige vaksinasjonstimar i Rosendal for 1. dose no komande torsdag.

Om lag 78% av innbyggjarane over 18 år har no fått 1. dose og om lag 50% er fullvaksinerte.
 

Fredag 30.07.
Kvinnherad kommune oppmodar alle som ikkje har fått 1. dose med vaksine for Covid -19 om å registrea seg for time komande veke torsdag 5 august.  Det er fleire ledige timar i Rosendal. 

Vaksineringa går raskare dersom alle som kjem har bestilt seg time. Kommunen testa ut ei løysing med Drop-In denne veka, men dette førte til lange køar og det gjekk med mykje tid for dei som måtte stå i kø. Når folk bestiller vaksinetime i forkant og møter opp til avtalt tid går alt mykje smidigare.

Gå inn på: https://timebestilling.remin.no 

Logg inn (med bank id) og bestill timen. Dersom du ikkje greier å bestille der du har lyst, kan det vera at timelistene er fulle. Då kan du prøva litt seinare. Dersom du likevel ikkje greier å bestilla time ring koronatelefonen ( 90 86 01 66) som er open måndag til fredag frå kl. 08.00. - 10.00.

Kommunen oppmodar folk om først og fremst ordna dette sjølv fordi det er stor pågang på telefonen og det kan bli lang ventetid.

Til sist oppmodar ein om at innbyggjaranr som har fått time til andre dose ventar til oppsett tidspunkt. 

 

Torsdag 29.07. - Gjeld vaksinering i Rosendal – viktig informasjon!
I Rosendal er det meir enn 200 dosar som ikkje er bestilt ennå, og 1 vaksinering vert no prioritert. Kommunen oppmodar alle over 18 år som ikkje har fått si første vaksine om å registrera seg og bestilla time på https://timebestilling.remin.no/kvinnherad.

For deg som har fått time til andre vaksinering kan du no møta opp i Rosendal for «Drop-in» time og få timen framskunda. Merk at det må ha gått 3 veker sidan du fekk første dose.

Informasjonen over gjeld kun Rosendal, på Husnes er alle vaksinetimane oppbestilt.

Her kan du sjå informasjon frå ordførar:

https://youtu.be/yVY61rTuHCY

 

Nyhende mandag 26.07.21:
Denne veka er det opna for at alle innbyggjarar over 18 år kan registrera seg for vaksinering. Du loggar deg på med Bank ID på https://timebestilling.remin.no/ og bestiller time. All vaksinering skjer torsdagar på Husnes og/eller i Rosendal. Det er pr. dato fleire ledige timar i Rosendal denne veka, og nokre få på Husnes. Dersom du av ulike årsaker loggar deg på og ikkje får bestilt, er du truleg ikkje registrert i Remin-systemet. Då må du ta kontakt med vaksinetelefonen til kommunen. 

For deg som har fått avsett time for andre vaksinasjon, oppmodar kommunen sterkt om at du møter opp til avtalt tid. Det ligg mykje logistikk i intervallet mellom første og andre dose, og endringar medfører kø og mykje venting på vaksinetelefonen. Det går no 12 veker mellom første og andre dose, og dersom du veit at dette ikkje vil høva, må du melda i frå til vaksinepersonell som er til stades når du får den første vaksinedosen.
 

Nyhende mandag 19.07.21:

Innbyggjarane våre er flinke til å melda seg på vaksinering. Denne veka skal det setjast 816 dosar, så no går det på fram! 

Veke 30 er det ennå nokre ledige timar både i Rosendal og på Husnes. Det vert lagt ut nye timar straks kommunen får melding om kor mykje vaksinedosar som kjem. Dette vert stort sett gjort på fredagar. 


Nyhende fredag 16.07.21:
I dag kl.10.00 legg vi ut ledige vaksinetimar for torsdag 22.juli i Remin.
Det er 263 ledige timar som vert lagt ut.
Du loggar deg på med bankID på timebestilling.remin.no og finn deg ein ledig time.
Dette gjeld for dei som er 18-24 år og 40 år og over.
Det vert lagt ut timar både på Husnes og i Rosendal.

Er du tilsett i barnehage, skule eller integrering - eller om du jobbar turnus på sjøen og ikkje høyrer til desse aldersgruppene; registrer deg i Remin først og ring telefonen vår for å avtala time etterpå.

 

Registrer deg: 
Alle som vil ta koronavaksine MÅ registrera seg på nett og fylla ut eigenerklæring.  
Gå til https://timebestilling.remin.no   

Logg på med bankID.  
Registrer opplysningane dine og svar på spørsmåla.  
Du får høve til å tinga time når du er i rett aldersgruppe og det er dosar tilgjengeleg.
Ledige timar (for veka etter) vert lagt ut kvar fredag kl. 10.
Du går då inn på din profil i Remin og finn deg ein time.

Det er Pfizer/BioNTech sin Comirnatyvaksine vi får no.

Alle som tek første dose med vaksine må legge til rette for å kunne ta dose to til fastsett tid. For at flest mogleg skal få første dose så snart som råd, er intervallet mellom dosane no 12 veker.

Spørsmål om vaksine rettast til koronatelefonen tlf.nr: 90 86 01 66  
Telefonen er open måndag til fredag frå kl.08.00 - 10.00.  

Tal og statistikk

Her kan du lesa statistikk om koronavaksinasjon Kvinnherad: fhi.no/koronavaksinasjonsstatisikk

Om Remin

Systemet vi nyttar til administrering av vaksineringa heiter Remin.  
Programmet nyttar orda venteliste og risikogruppe. 

Ordet venteliste: 
i programmet tyder dette at du har takka ja til vaksina og er på venteliste for å motta SMS om at du kan tinge time. Du loggar inn på din brukar og tingar time når du får sms. 
Du er altså ikkje på ei prioritert venteliste på nokon måte, men står saman med alle andre i di aldersgruppe på vent for ledige vaksinedosar.  

Folk registrerer seg fortløpande i systemet og har du registrert deg rett etter ei sms utsending er sendt,  så går det ei tid før du får sms.  
Sms vert sendt ut ein gong i veka for å freiste å fange opp alle nye registrerte.  

Ordet risikogruppe: Når du registrerer deg får du opp eit tal på ei risikogruppe. 
For deg som ikkje har underliggande sjukdom, har risikogruppa du vert slusa inn i ved registrering inga praktisk følge i prioriteringsrekkefølga.  
Vi vaksinerer no etter alder. 

Det kjennes som om du registrerer deg på nytt kvar gong du går inn på brukaren din i Remin. Det er heilt normalt for dette programmet. Hald fram til du finn deg ein time

Når er det din tur til å få vaksine?

Ledige timar vert lagt kvar fredag kl. 10, då kan du bestilla deg time til veka etter.

Om du ikkje vil nytta deg av timen så meld frå på koronatelefonen om dette slik at andre kan få dosen din. 
Om du har vanskar med registrering eller har spørsmål om vaksinering ring koronatelefonen tlf.nr: 90 86 01 66  Telefonen er open måndag til fredag frå kl.08.00 - 10.00.   

Kva tid og kor møter eg opp til vaksinering?

Vaksinasjonsdag i Kvinnherad er kvar er torsdag. 

Vaksinasjonsstadane er:

  •  festsalen i Husnes kulturhus
  • samfunnshuset i Rosendal

Inntil vidare er det berre Pfizer Biontech vaksine det er tilbod om. 

  • Vaksineringa er gratis og frivillig 
  • Ein skal ha to dosar. Frå 1.juli skal det gå 12 veker mellom dosane.  
  • Ein må vera frisk ved frammøte, det vil sei utan luftvegssymptom, hoste eller feber. 
  • Ein må ikkje ha vore i utlandet eller i kontakt med Covid positive personar siste 10 dagar. 

Personvern

Kvinnherad kommune nyttar systemet Remin for å administrera tilbod om timar for massevaksineringa. Når du registerer deg samtykker du til at Kvinnherad kommune kan lagra opplysingar om deg. Helsepersonell som yt helse- og omsorgstenester, har plikt til å registrera opplysingar i journal for den enkelte innbyggjar. Opplysingane vert lagra så lenge det er naudsunt.  

Oppretting av pasientjournal og lagring av helseopplysninger er basert på heimel i lov: helsepersonellova §§ 39 og 40, pasientjournallova, pasientjournalforskrifta og GDPR artikkel 6 (1) bokstav c og artikkel 9 (2) bokstav g.