Kontakt

Tlf. 53 46 14 97 / 53 46 14 96

Styrar
Olaug Sørstrømmen

Tlf. 53461496

Adresse
Haugevegen 7
5457 Høylandsbygd

Opningstider: 06.45 - 16.30

Om barnehagen

Barnehagen ligg i Høylandsbygd i gamle Hauge skule. Barnehagen er ein avdeling under Sunde barnehage.

Hauge barnehage har ein avdeling med 30 plassar. Barnehagen har lyse og fine lokalar som innbyr til leik og utforsking, me er òg så heldige at me har eigen gymsal. Me har eit fint uteområde med mange kjekke leikeapparat og eit nærmiljø med mange fine turplassar som me nyttar oss av. Barnehagen har eiga grillhytte i skogen eit lite stykke unna barnehagen.

Leiken har ein sentral plass i barnehagen vår. Barn utrykkjer seg gjennom leik, og den er ein arena for utvikling og læring. Gjennom leiken får barna sosial og språkleg samhandling. Leiken føregår over alt, både inne og ute og er den viktigaste kjelda til glede, trivsel og humor.

Me er opptatt av at barnehagen skal vera ein stad med eit godt språkstimulerande miljø. Alle barna skal få utvikla sitt språklege potensiale og me skal vera med å førebyggja språkvanskar på eit tidleg stadium.

Barnehagen er med på kompetanseløftet Vera saman og arbeider målretta i høve tideleg innsats, sosial kompetanse, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå.