I møtet 29.11.2018 har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, godkjent detaljreguleringsplan for del av 145/1 med fleire - skule og fleirbrukshall på Husnes.

Behandling i Kommunestyret den 29.11.2018
Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteken.
 
Vedtak frå Kommunestyret den 29.11.2018
Kvinnherad kommunestyre vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 at forslag til detaljreguleringsplan for deler av gnr. 145 bnr. m.fl. - Skule og fleirbrukshall på Husnes, sist revidert 31.10.2018, vert gjort gjeldande.
Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.
 
Dokumenta knytt til saka finn de på postlista til Kvinnherad kommune.
Papirutgåva av reguleringsplanen er lagt ut på Kvinnherad bibliotek (Husnes) og i rådhuset (Rosendal).
Plandokumenta er sendt som datafiler til offentlege instansar og organisasjonar som har interesser eller mynde i planområdet.
 
Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jamfør pbl. § 1-9. Klagefristen er sett til kring 4 veker frå kunngjeringa grunna juleferie, med frist 18.01.2019.
Klagen kan sendast til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 ROSENDAL, eller på e-post til post@kvinnherad.kommune.no.
 
Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.
 
 
Områdebilete