Første middagen var på Rosendal fjordhotell og den andre på Gry Helge’s. Gjestane vart teke staseleg i mot av ordførar Hilde Enstad, kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik og kvalitetssjef Gunn Tove Petterteig. Alle tre heldt kvar sin tale, og lovorda hadde dei ikkje spart på!
Då det omfattande vaksinearbeidet byrja, trødde Kvinnherad Røde Kors til på Husnes, og i Rosendal stilte Helselaget opp, med frivillige kvar einaste vaksinasjonsdag. Lite visste ein omfanget av arbeidet og kor lenge det ville strekka ut i tid. Ordførar Hilde Enstad overrekte to velfortente sjekkar på 50.000 kr kvar til Rosendal Helselag og Røde Kors for innsatsen deira.

I tillegg vart det retta ein stor takk til alle sjukepleiarar, helsearbeidarar og medarbeidarar som har vore med i arbeidet, både tilsette og pensjonerte. Gjestane let vel og var særs nøgde med festmiddagen. Arne Torget var hyra inn som ordsmed, og kunne som vanleg by på nye og gamle dikt, samt eit som han forfatta undervegs. (Lenger ned på sida kan du lesa eitt av desse)

Tusen hjartans takk til alle involverte!

IMG_4624.jpg
Ordførar Hilde Enstad overrekte ein sjekk på 50.000 kr til Rosendal Helselag. Kirsten Skaala tok i mot sjekken saman med Inger Sofie Sæbø, Olaug Hatteberg, Ingeleiv Klette og Kjersti Hus. (Ingrid Høyland var ikkje til stades)

IMG_1899.jpg

Røde Kors Omsorg fekk òg sjekk på 50.000 kroner. Frå venstre: Erna Bjelland, Jorun Blom, Sigrun Saghaug, Marit Olsen, Synnøve Grude, Peggy Johnsen, Tordis Røssland, Gerd Sylvi Prestnes, Jane Nundal, Jorunn Mikkelsen, Einar Opdal og Hilde Enstad.

Dikt av Arne Torget

VAKSINERT OG LUKKELEG

Det kom brått på oss ein pandemi
Lenge har det vart og lengre skal det bli.
I Kvinnherads mange grender
Er det heldigvis flittige dugnadshender.

Heldigvis har me ein oppegåande Kommune
Med kjekke flittige folk i godt lune.
Dette kom godt med når vaksinasjonen starta
Tilsette og dugnadsfolk med varmt hjarta.

Usikre gjekk vi til fyrste dose
Skulle vi endeleg sjå ljoset?
Vi fekk timen vår og gjekk lett på fot
Godt vart vi tekne i mot.

Smilande, hjelpsame svinsa dåke i kring
Mange hjelpsame hender i sving.
Manntalsførte ved eit lite bord
Førte til stolen med gode ord.

Møtte med kjende og gode blikk
Fekk våre rutinerte stikk.
Rundt oss var det mange kjende å sjå
Vi la bilete ut på facebook etterpå.

Inn har vi gått med små nevrosar
Og fått både to og tre dosar.
Alltid møtt med eit smil på lur
-det er no trygt å bu her vi bur.

Dugnad har det vore mang ein dag
For folk i Røde Kors og i helselag.
Kommunetilsette fekk hjelpande hand
Av friviljuge og rotekte dugnadsand.

Lydige har vi kome i flokk
Vi kan nesten ikkje få takka dåke nok.
Takk for den beste hjelpa på jord
Med spriting av stolar og trøystande ord.

Dåke skulle alle hatt både roser og klem
Og snart får vi vel både dose fire og fem.
Takk for at dåke tar eit tak for Kvinnherad og Norge
-direkte frå Rosendal/Husnes, Arne Torget

Fleire bilete

IMG_4634.jpg

Ordførar Hilde Enstad heldt takketale begge kveldane, her på Gry Helge's.

IMG_4609.jpg

God stemning under middagen på Rosendal Fjordhotell.

Resized_20220322_1754201.JPG

Velkomstkomiteen, Ragnhild Bjerkvik (f.v.), Gunn Tove Petterteig og Hilde Enstad.

IMG_4633.jpg

Røde Kors Omsorg.

IMG_4619.jpg

Rosendal Helselag.