Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Frivilligprisen 2020

Publisert , Oppdatert 10. november 2020

Kjenner du nokon som fortener heider for innsatsen sin?
Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person, lokal foreining eller ei gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn i Kvinnherad. Kjenner du nokre "eldsjeler" som fortenar ei slik påskjønning?
Då kan du sende forslaget ditt med grunngjeving til Frivilligsentralen@kvinnherad.kommune.no, eller Kvinnherad Frivilligsentral, Postboks 55, 5480 HUSNES innan 25. November 2020.