Bakgrunn for prosjektet

Skatteetaten, Kartverket og Statistisk sentralbyrå arbeider med ein ny verdsetjingsmodell for fritidsbustadar. Modellen bidreg til auka treffsikkerheit og likebehandling i formuesbeskatninga.

Kvinnherad kommune, som lokal matrikkelmyndigheit, har ansvaret for å oppdatere matrikkelen. I samband med fritidsbustadprosjektet har kommunen mottatt ei prioriteringsliste frå Kartverket for kvalitetsheving av fritidsbustadar.

Prioriteringsliste for arbeidet

  1. Oppfølging av status for fritidsbustadar som har igongsetjingsløyve eldre enn tre år, men som ikkje er ferdigstilte i matrikkelen.
  2. Oppdatering av brukseining frå kode U (unummerert) til F (fritidsbustad), utan endring av bygningstype.
  3. Fritidsbustadar som ikkje er registrerte som fritidsbustader.
  4. Fritidsbustadar der bustaden er knytt til feil eigedom.

Kunngjering og varsling

Matrikkelforskrifta § 10 handlar om retting, endring eller tillegg av opplysningar i matrikkelen m.m. For den delen av kvalitetshevingsarbeidet som blir rekna som registertekniske forhold, og som skjer likt for mange fritidsbustader, har kommunen høve til å varsle om matrikkelføring gjennom kunngjering på heimesida. I tillegg kan det oppstå tilfelle der det er mest hensiktsmessig å varsle partar direkte.

Eigenregistrering

Målet med fritidsbustadprosjektet er at eigarar sjølve skal kunne oppdatere opplysningar i eigedomsregisteret. Kommunen rettar matrikkelen for å leggje til rette for eigenregistrering i året som kjem. Opplysningar som eigaren sjølv skal registrere er til dømes bruksareal, energikjelde, oppvarming, vatn, avløp og byggeår.

Les meir om prosjektet på Kartverket sine sider

For å finne opplysningar om din fritidsbustad kan de gå inn på SeEiendom

Kontaktinformasjon

Har de spørsmål om prosjektet? Ta kontakt med oss