Frisklivssentralen i Kvinnherad kommune er eit kommunalt kompetansesenter for fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt. Tilbodet består av individuelle helsesamtalar (råd, rettleiing, hjelp til å lage planar, motivasjon), fysisk aktivitet i grupper, samt ulike tema og diagnosespesifikke lærings- og meistringkurs. Målgruppa er vaksne som treng rettleiing og oppfølging med tanke på endring av levevanar. Du treng ikkje vera sjuk eller å ha ein diagnose for å delta på ein frisklivssentral. Dei mest vanlege årsakene til deltaking er overvekt, inaktivitet (at ein bevegar seg for lite i kvardagen), muskel-og skjelettlidingar, psykiske lidingar (lettare depresjon og angst) eller kosthaldsendring. Dersom du ynskjer kontakt kan du gjere dette sjølv eller be om hjelp av helsepersonell.

Det er tilbod om felles trening/aktivitet i gruppe på dagtid fleire stadar i kommunen. Dette er kvalitetssikra aktivitet med styrke- og kondisjonstrening med rettleiing av fagperson som dei aller fleste vil kunne delta på. For meir informasjon om tidspunkt og stad bes du ta kontakt. Då håpar vi å kunne hjelpe deg å komme i gang sjølv om fellestidene ikkje skulle passe.

Les meir i brosjyren vår.

Aktuelt no:

Kontakt

Frisklivskoordinator
Martha Teigen Varanes
Tlf. 992 02 347

Einingsleiar
Geir Ove Fosse
Tlf. 991 69 950

frisklivssentralen-logo-stor.jpg