Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Frå regjeringa sin pressekonferanse 13.12.2021

Publisert , Oppdatert 13. desember 2021

Omikron endrar spelereglane for handtering av pandemien me står oppe i, og frå midnatt, natt til 15 desember vert det  innført strengare råd og reglar nasjonalt. Det aller viktigaste rådet frå statsministeren frå pressekonferansen i kveld er:
Vaksiner deg, hald deg heime og test deg når du er sjuk. Vaksine er det aller viktigaste tiltaket for å beskytta deg sjølv og dei rundt deg i samfunnet. 

Dei andre tiltaka som vert innført for å bremsa ned vidare smitte i samfunnet og dempa belastninga på helsesektoren kan du lesa meir om her.

Beredskapsgruppa i kommunen har hyppige møte og følgjer situasjonen i kommunen vår tett. Informasjon vedkomande eventuelle lokale tiltak vil koma i frå desse møta framover.