Kvinnherad kommune er i gong med revidering av kommuneplan – både samfunnsdelen og arealdelen. Vi har valt å kalla arbeidet Kvinnherad2050 for å synleggjera at kommuneplanlegging handlar om framtida; heilskapleg og langsiktig. Les gjerne meir om planen på kvinnherad2050.no.

Kommuneplanen vil ha stor innverknad på framtida til alle som skal bu i kommunen vår, og det er difor viktig at så mange som mogleg blir med å forme VÅR framtidige kommune. Å kome med innspel og tankar er innbyggarane sin store moglegheit å påverke retninga i kommuneplanen, og difor arrangerer styret for «Halsnøy – Øy i vekst» saman med Kvinnherad kommune eit folkemøte på Halsnøy der det vil bli informert om arbeidet med kommuneplanen, samstundes som det vert høve til å samtala og kome med innspel.

Tidspunkt: 11.09.2019 KL. 19:00-21:00

Stad: Halsnøy skule, auditoriumet

Logo.png