Førehandsrøysting

Valstyret i Kvinnherad kommune har vedteke at det skal vera mottak av førehandsstemmer i perioden 10.08.21 – 10.09.21. Manntalsførte kan førehandsstemma i alle kommunar i Norge. Stemmegjevinga vil verta send til den kommunen du er manntalsført i for oppteljing.

Det er ikkje mogleg å røysta fleire gongar. Om du har førehandsrøysta kan du ikkje røysta på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje førehandsrøysta fleire gongar.
Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemma. Det er ynskjeleg at du tar med valkort. Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete.
 

Rådhuset i Rosendal
Kvardagar frå og med tirsdag 10.08. til og med fredag 10.09.
Opningstider kl. 08.00 – 15.00.
Langdagar torsdagar i veke 33, 34 og 35. til kl. 17.00
Laurdag 04.09. kl. 11-14.00
Fredag 10.09. vert mottak avslutta kl. 1400
 

Kvinnherad Bibliotek:
Vekedagar frå og med 10.08. til og med fredag 10.09.
Opningstider kl. 11.00 - 16.00
Lørdagar kl. 11.00. – 14.00
Fredag 10. september vert mottak avslutta kl. 1400
 

Hatlestrand skule:
Mandag til fredag (kvar veke frå 11.08.)
Opningstider kl. 09.30 – 14.00.
 

Øyatun skule:
Mandag til fredag (kvar veke frå 11.08.)
Opningstider kl. 09.30 – 14.00
 

Mottak av førehandsstemmer på fylgjande stader:
Fjelberg bygdahus 25.08. kl. 15.00-17.00
Kvinnherad Vidaregåande 26.08. kl. 08.30-10.30
Varaldsøy, Trå skule 31.08. kl. 16.00-18.00
Åkra skule 07.09. kl. 17.00-19.00
Uskedalen aktivitetshus 08.09 kl. 12.00-18.00
Uskedalen aktivitetshus 09.09. kl. 12.00-18.00

Mottak av førehandsstemmer på helse- og omsorgsinstitusjonar:
Halsnøytunet 25.08. kl. 11.00-13.00
Ølve Alderspensjonat 31.08. kl. 16.30-18.30
Rosendalstunet 01.09. kl. 12.00-14.00
Husnestunet 03.09. kl. 10.00-12.00
Helse Fonna, Valen Sjukehus 03.09. kl. 13.00-15.00

Ambulerande stemmemottak (i heimen) veke 36.
Ved stortingsvalet 2021 kan manntalsførte som ikkje kan stemma på grunn av sjukdom, er uføre eller har isolasjonsplikt grunna covid-19, etter søknad til valstyret førehandsstemma der dei oppheld seg. Søknaden må vera motteken av valadministrasjonen i Kvinnherad kommune innan fredag 10. september kl. 10.00.
 

Kvar kan du røyste?

Rådhuset i Rosendal
Kvardagar frå og med tirsdag 10.08. til og med fredag 10.09.
Opningstider kl. 08.00 – 15.00.
Langdagar torsdagar i veke 33, 34 og 35. til kl. 17.00
Laurdag 04.09. kl. 11-14.00

Fredag 10.09. vert mottak avslutta kl. 1400

Kvinnherad Bibliotek:
Vekedagar frå og med 10.08. til og med fredag 10.09.
Opningstider kl. 11.00 - 16.00
Lørdagar kl. 11.00. – 14.00
Fredag 10. september vert mottak avslutta kl. 1400

Hatlestrand skule:
Mandag til fredag (kvar veke frå 11.08.)
Opningstider kl. 09.30 – 14.00.

Øyatun skule:
Mandag til fredag (kvar veke frå 11.08.)
Opningstider kl. 09.30 – 14.00

 

Kva om eg ikkje er folkeregistrert i Kvinnherad?

Du treng ikkje vera manntalsført eller folkeregistrert i Kvinnherad kommune for å førehandsrøysta her. Under førehandsrøystingsperioden sender vi stemmesetelen til heimkommunen din, slik at den vert registrert på rett stad.

Fordelar med å førehandsrøysta

Det er fleire gode grunnar til å røysta på førehand:

  • Mindre trengsel i vallokalet
  • Du kan røysta til alle kommunar i landet
  • Det er mindre «skummelt» om det er første gong du røyster
  • Du rekk å slå av ein hyggjeleg prat med dei koselege valmedarbeidarane våre (med litt avstand).

Tidlegrøysting

  • Ordninga er meint for dei som ikkje har høve til å røysta innanfor førehandsrøystingsperioden eller på valdagen.
  • Ordninga gjeld alle veljarar

Om du ynskjer å røysta mellom 1. juli og 10. august må du kontakta kommunen på tlf. 53 48 31 00 eller post@kvinnherad.kommune.no