Tilsett i Førebyggjande heimebesøk er i permisjon og tenesta er difor ikkje tilgjengeleg frå april 2023 - septemer 2023.
Kvinnherad kommune kan frå og med hausten 2021 tilby førebyggjande heimebesøk.
Målet med besøket er å bidra til at fleire eldre kan bu lengst mogleg i eigen heim med god helse og livskvalitet. Vi ynskjer at eldre veit kva tiltak som kan gjerast og kva kommunale og frivillige tilbod som finnes i kommunen.
I besøket har vi ein samtale med fokus på meistring av eigen kvardag. Aktuelle tema er tryggleik i heimen, fysisk aktivitet, ernæring, sosialt nettverk og anna som er viktig for den einskilde.
Dei som fyller 77 år det aktuelle året og som ikkje mottek helse- og omsorgstenester frå kommunen frå før vil få invitasjon i posten. Innbyggjarar som er over 77 år kan sjølve ta kontakt og få same tilbodet.
Tilbodet er gratis og frivilleg.
Kanskje har du begynt å tenke på korleis du kan planlegge din alderdom, men er usikker på kvar du skal starte?
Kanskje har du lyst å delta på sosiale aktivitetar saman med andre,
men veit ikkje kva som finnes i Kvinnherad kommune?
Kanskje har du lyst å vere frivillig,
men veit ikkje kven du skal kontakta?
