Kvinnherad kommune tar ansvar og skal ta i mot flyktningar frå Ukraina. Kommunen vil i første omgang nytta eigne bustadar. Desse bustadane er umøblerte og vi treng inventar til mange av dei. Kvinnheringar som har møblar, kvitevarer, senger, gryter og dekketøy til overs, og som ønskjer å bidra med hjelp til flyktningane, ber vi om å ta kontakt med kommunen. Det ein gjev frå seg må vera i god stand! Send gjerne med eit bilete.

Send opplysingar om kva du vil bidra med og opplys om mengde og storleik.  Meldinga kan sendast til kommunen på e-post til følgjande adresse: ukraina.flyktning@kvinnherad.kommune.no. Meldingar til denne adressa som omhandlar andre ting enn det som er nemnd ovanfor, blir ikkje besvart.

Kommunen vil svara på alle tilbod om hjelp. Gjevar vil her få informasjon om tidspunkt og stad for levering.

Les meir om komunal beredskap https://www.kvinnherad.kommune.no/kommunal-beredskap.456148.nn.html