Som eit ledd i dette arbeidet, ønskjer vi å få eit bilete på ferdselsmønsteret og status i dei ulike turområda i kommunen. Ferdselsmønsteret kan vi finne fram til gjennom ulike metodar, mellom anna trimbøker som står enkelte stader. I tillegg gjer vi ei elektronisk registrering gjennom såkalla «kundeteljarar». Dei setjast opp etter avtale med grunneigar, og vil stå oppe i avgrensa periodar (3-6 månader, avhengig av sesong). Dei registrerer om nokon går eller syklar forbi. Dei tek ikkje bilete, og er heller ikkje kobla opp til nett. Dei kan berre lesast av manuelt. Teljartypen nyttast og mellom anna til andre føremål, til dømes i butikkar. Data om ferdselsmønsteret vil nyttast til planarbeid i Kvinnherad kommune.

Teljar   Teljar - Opsangervatnet

Gjennom denne teljinga får vi noko utvida kunnskap om korleis innbyggjarane bruker turområda våre, og kva tiltak som gjer at ein brukar området. Mellom anna set vi opp nokre teljarar i område der det vert planlagt å gjere tiltak i framtida, og vi kan sjå i ettertid om tiltaket ga effekt.

Om du ønskjer meir informasjon om prosjektet, kan du ta kontakt med kulturkontoret i Kvinnherad kommune.