Vi i familiestøtta har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar. Vi har ulike tilbod av grupper, familierettleiing, samtalar og terapi og kan tilpassa tilbod etter dei problemstillingane ein står i. Vi har òg fritidstilbod for ungdom ved ungdomsbasane våre. Basane er gode sosiale arenaer og leiast av trygge vaksne. Der kan ungdom henge med vener, bli kjend med nye, vera med på kjekke aktiviteta, lage mat og prate med oss vaksne om alt mogleg.
Ofte hjelper vi barn og unge gjennom deira viktige vaksne. Vi ønsker å gi rett hjelp til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.
Vi kan samarbeide med andre instansar som arbeider med barn og unge, for eksempel barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar. Medverknad står alltid sentralt i våre tenester.
Hovudregelen er at familiestøtta er inne i ein avgrensa periode. Målet er at tilboda skal auke kompetansen hos våre innbyggjarar på ein slik måte at barnet og familien sitt strev vert redusert.
Det er mange vegar til å få det betre i livet når du har det vanskeleg. Utforsk gjerne våre tilbod for å sjå om noko av det kan passe for deg. Dersom du er usikker på kva som vil vere riktig for deg, kan du ringe oss så hjelper vi deg på riktig veg. Alle tenester frå familiestøtta er gratis og du treng ikkje tilvising.
For å søkja om hjelp frå familiestøtta kan ein nytta dette skjemaet.
Marte Meo
Marte Meo har vore i bruk i Noreg sidan 1990, hovudsakleg for å styrke og utvikle samspelet mellom foreldre og barn.
Marte Meo er ein utviklingstøttande, videobasert samspelsmetode, der MM-terapeuten filmar barnet og omsorgsperson i 5-10 minuttar. Deretter analyserer terapeuten filmen, og det avtalast eit møte for gjennomgang. Dette gjentek ein så lenge ein ser behov, vanlegast 2-5 gongar.
Formålet er å sjå kor samspelet lykkast, og kor det ikkje lykkast, for å få informasjon om dei faktorar som fremmar og hemmar eit utviklingstøttande samspel.
Metoden sitt heilt sentrale fokus er å oppmuntre mennesket til - «ved eigen kraft» - å lære og utnytte sin eigen kapasitet optimalt, og dermed forbetre og utvikle samspelet. I Marte Meo har vi alltid fokus på kva barnet treng og korleis det blir møtt, og med løysningsfokusert tilnærming. Korleis er kvaliteten på kontakten? Kva ser du som fungerer? Kva fungerer ikkje? Settast det ord på barnet sine eigne handlingar? Beskriving gir forståing for barnet!
Terapeuten visar utvalde videoklipp/bilete, for å synleggjere for omsorgspersonen dei elementa i samspelet som skal utviklast for å hjelpe med det aktuelle problemet, og kva dei eventuelt kan gjere annleis.
Å bruke videoklipp for å synleggjere bodskapet, minimerer risikoen for misforståing og klargjera kva for samspelselementar som skal optimaliserast.
Metoden hjelper omsorgspersonen å sjå barnet sitt i samspel, og gjennom dette oppdage kva behov barnet har i dei ulike situasjonane, kva dei som omsorgsperson kan gjere annleis, samt kva for idear dei har fått til vidare utviklingstøttande tiltak.
PMTO (Parent Management Training)
PMTO er eit behandlingstilbod til familiar med barn som viser tydelege teikn på åtferdsvanskar (3-12 år). PMTO har som mål å atterreise eller byggje eit positivt og utviklingsstøttande forhold mellom barn og foreldre, og bryte negative samspelsmønster.
PMTO står for Parent Management Training – Oregon, og er eit lågterskeltilbod til foreldre som har barn som viser åtferdsproblem.
Ein tilbyr PMTO i statlege og kommunale tenester for barn og unge over heile Noreg.
Kven er tilbodet for?
Tilbodet vert gjeve til familiar med barn i alderen 3 til 12 år, der barnet viser åtferdsproblem.
Kva er målet med behandlinga?
Målet med behandlinga er at foreldra og barnet skal atterreisa ein positiv relasjon. Opposisjonell åtferd skal reduserast, og positiv utvikling skal fremjast.
Korleis jobbar vi?
PMTO-tilbodet inneber eit tett samarbeid mellom ein terapeut og ein familie.
- Det er møter kvar veke mellom terapeuten og foreldra
- Begge foreldra bør delta om dei bur saman. Eventuelle steforeldre, som bur saman med barnet, bør alternativt delta
- Barnet deltek på møta ved behov
- Foreldra får trening i korleis dei kan samhandla med barnet på ein konstruktiv måte
- Det er fokus på kva som går bra i samhandlinga
- Foreldre og terapeut utarbeider i samarbeid mål og delmål for behandlinga
- Måla blir evaluert i fellesskap gjennom heile behandlingsforløpet
- Vanleg behandlingstid er 6–9 månadar
Foreldrerettleiing
"eg er så lei av å kjefte og mase om at"....
- barnet ikkje vil sove og vi er så slitne at vi er nesten desperate»
- 4-åringen nok en gang har slått seg vrang under handleturen»
- barnet forhandlar i det uendelege, lenge etter at tolmodigheita vår er slutt»
- vi har vært gjennom nok en dag med brotne avtalar»
- enda ein ettermiddag med søskenkrangling»
Høyrest dette kjent ut? Alle barn oppfører seg slik frå tid til annan. Nokre gonger ender det med at vi som foreldre handlar spontant med frustrasjon og sinne. Når denne veremåten blir eit mønster som gjentar seg over tid kan foreldre trenge nokon å rådføre seg med.
Vi tilbyr målretta rettleiing der vi trener på alternative måtar å møte barnet på. Betre samarbeid og gode beskjedar
- Læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring
- Grensesetting og regler
- Tilsyn og oppfølging
- Problemløysing knytt til daglegdagse utfordringar i familien
Både foreldrerådgjeving og PMTO-behandling inneber møter á ein time kvar veke. Timane inneheld drøftingar og praktiske øvingar der vi trener på å finne gode løysingar på korleis de kan styrkje samspelet i familien.
Tilbodet tar sikte på å hjelpe familien så tidleg som mogleg. Rådgjevinga er eit korttidstilbod som strekk seg over 4–6 møter.
COS-P (Circle of security - parenting)
COS-P er eit førebyggjande foreldrekurs utvikla for alle.
Foreldre ønskjer å gjere det beste for barna sine. Alle foreldre finn likevel foreldreskapet utfordrande på ulike vis. COS-P - også kalla tryggleikssirkelen - rettar seg mot foreldra si evne til å forstå barnet sine grunnleggjande behov for tryggleik, å høyre til og autonomi. Når barnet sine behov blir forstått vil barnet si kjensle av tryggleik og forståing av seg sjølv auke. Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.
Her kan du sjå planlagde samlingar i 2024
Tryggleikssirkelen er eit foreldrevegleiingsprogram som ynskjer å gje de foreldre eit «vegkart» til å forstå barnet sine behov og signal, og modellar for korleis foreldre kan prøve å møte desse behova. Vi tek utgangspunkt i nyare tilknytingspsykologisk teori og forsking.
Programmet er konkret, og teorien som vert presentert vert knytt til eksempel og samtale. COS-P kan gje deg høve til å bli ein enda betre forelder for ditt barn.
Tilbodet gis som ei førebyggande gruppeintervensjon retta mot foreldre, helst mor og far saman. Tiltaket er utvikla for familiar utan kjend risiko for utvikling av tilknytingsproblematikk.
Tema vi gjennomgår i COS-P:
- Utforsking av barnet sine behov rundt heile tryggleikssirkelen:
Barnet sine behov for foreldra si støtte, både når dei utforskar verda, og når dei opplev vanskelege følelsar. Behov for både sjølvstende og å høyre til. - Å være saman om følelsar:
Vi ser at barn ikkje lærar å handtera følelsar aleine, men ved hjelp av omsorgsgjevaren, og at dette er viktig for utviklinga av trygg tilknyting. - Vegen til tryggleik:
Korleis foreldra er tilgjengelege kjenslemessig vil påverke korleis barnet uttrykker sine følelsar og sine behov.
Korleis foreldra reflekterer om barnet sine følelsar og eigne reaksjonar er avgjerande for korleis barnet si tilknyting til foreldra blir. - Utforsking av det vi strevar med:
Kva har vi med oss av eigne erfaringar som påverkar korleis vi møter barnet?
Balansen mellom det å være ein tydeleg leiar, og samtidig snill og god i foreldrerolla. - Betydninga av reparasjonar i relasjonen:
Når vi ikkje klarer å følge barnet sitt behov og oppfører oss på ein måte vi ikkje ønskjer som forelder. Korleis reparere relasjonen igjen og komme oss tilbake på sirkelen?
Vil du vita meir om kurs i Tryggleikssirkelen oppmodar vi deg om å sjå filmane på nettsida folkOm og Circle of Security International
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med avdelingsleiar.
Samtaletilbod til barn og ungdom
Gjev barnet/ungdommen din uttrykk for å vere meir engsteleg eller trist enn det som er vanleg?
Vi i familiestøtta nyttar mellom anna kognitiv åtferdsterapi der ungdommen lærer meistrings-ferdigheiter, slik at ein kan takle stress, bekymringar og det å vere trist betre. Eksempel kan vere; forholdet til venner, å møte det ein fryktar, å løyse problema og å utvikle eit betre sjølvbilde.
Å vere trist og uroleg kan påverke både skuleprestasjonar, sosiale relasjonar og sjølvkjensla. Kognitiv åtferdsterapi kan førebygge risiko for å utvikle meir alvorlege utfordringar.
Tenkjer du at eit samtaletilbod er noko ditt barn/ungdom kan ha nytte av sender du ein søknad til familiestøtta.
For eit samtaletilbod bør barnet ha fylt 12 år. For yngre barn jobbar vi alltid gjennom foreldra. Foreldra er dei trygge vaksne som skal støtte barnet sitt gjennom vanskelege situasjonar. Vi støttar og vegleiar foreldra i å støtte barnet sitt.
Ungdomslos
Ungdomslos er eit tilbod til ungdom med lågt skulenærvær og/eller ungdom som opplev sosialt utanforskap i Kvinnherad kommune. Målsetting for losarbeidet i vår kommune er å forhindra at barn og unge hamnar på utsida av samfunnet og er i marginaliserte miljø.
Skulenærvær, oppleving av meistring og gode sosiale nettverk er avgjerande for at barn og unge skal delta i samfunnet og trivast i sine nærmiljø. Våre to ungdomslosar kan gi ungdom tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og vegleiing i og utanfor skulen, og i overgangane mellom barneskule, ungdomsskule og vidaregåande opplæring.
Ungdomslosen vil alltid byggja ein god relasjon til ungdomen og vera ein god rettleiar og støttespelar. Losen vil alltid jobba for å få fram ungdomen sin stemme, ynskjer og behov. Losen har teieplikt.
Ungdomslosen vil:
- vera tilgjengeleg for ungdomane og til stades på ungdomane sine eigne arenaer (skule, heim og fritid)
- samarbeida tett med, og rettleia ungdomen sine foreldre eller andre omsorgspersonar. Dersom det er hensiktsmessig, kan rettleiinga skje i ungdomen sin heim.
- hjelpa og motivera ungdom til å koma i kontakt med tenester som kan gje naudsynt hjelp
- samarbeida tett med skulen og andre tenester, og bidra til at hjelpa som vert gjeve er heilskapleg og tilrettelagt. Ungdomen skal alltid vera godt orientert og gje samtykke til samarbeidet som gjerast.
- arbeida for å auka trivsel og meistring
- kunne gje eit gruppetilbod for ungdomar der det er hensiktsmessig
- alltid arbeida for god integrering i samfunnet
- ungdomslosen er også tilgjengeleg ved ungdomsbasane, og kan støtte ungdomane inn på desse arenaene
Ungdomslosane er:
Malin Tungesvik , tlf: 48 86 27 93, snap: ungdomslosmalin
Espen Tufta Saghaug , tlf: 90 19 37 87, snap: espenlos
Avlasting til familiar
Nokre familiar har større utfordringar enn andre. Kvinnherad kommune tilbyr besøksheim og støttekontakt (avlastingstilbod) for familiar med store omsorgsoppgåver, knytt til barn med funksjonsnedsetting eller familiar med hjelpetiltak frå barnevernet. Eining barn og familie tilbyr og opphald ved avlastingsbustaden. Om du har behov for støtte i kvardagen kan du sende inn søknadsskjema til Eining barn og familie, og vi vil ta kontakt med deg og behandle saka di.
Kva er besøksheim og støttekontakt?
Å vere besøksheim inneber at du tek imot barn eller ungdom ei eller fleire helger per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for foreldra.
Formålet er at du med din familie og din heim tilbyr eit avbrekk for eit barn eller ein ungdom, frå ein familie som er i ein krevjande livssituasjon
Som støttekontakt hjelper du eit barn eller ein ungdom til å ha en aktiv og meningsfull fritid. Støttekontakten kan til dels komme på besøk heim, følgje til aktivitet, bli med på kafé, kino, idrettstilstellingar eller andre sosiale aktivitetar. Ein kan være støttekontakt for ei gruppe med barn/ungdom eller for ein person.
Kva krav blir stilt til besøksheimen eller støttekontakten?
Vi ønskjer familiar med trygge, stabile, tolmodige vaksne, som har tid og overskot til å vere til stades for barnet eller ungdommen. Vi treng både familiar med og utan barn.
Ein må ta omsyn til at barna i oppdraget treng noko tettare oppfølging og meir merksemd enn barn og ungdom på same alder. De vil få rettleiing.
Oppgåvene du tek på deg som besøksheim eller som støttekontakt krev ikkje spesiell utdanning, kompetanse eller utstyr. Du må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg.
Slik melder du deg til å bli besøksheim eller støttekontakt
Om du ønskjer å bli besøksheim eller støttekontakt, skriv du til oss og fortel litt om:
- Motivasjon og interesse
- Familiesituasjon
- Bustadsituasjon
- Helse
- Andre arbeidsforhold eller oppdrag i Kvinnherad kommune
Informasjonen du gir oss blir brukt i arbeidet med å vurdere deg som støttekontakt eller deg og familien din som besøksheim.
På bakgrunn av informasjonen du gir, tek vi kontakt for å avtale heimebesøk eller samtale på kontoret vårt. Ved tilbod må ein legge fram gyldig politiattest (barneomsorgsattest).
Løns- og arbeidsvilkår i avlastningsoppdrag er regulert av forskrift og tariffavtale.
Interessert?
om du er interessert vil vi svært gjerne høyre frå deg. Fyll ut søknad om å bli oppdragstakar, så tek vi kontakt.
Er du oppdragstakar og skal rapportere på oppdraget ditt nyttar du denne rapporteringsmalen: Rapport for oppdragstakarar
Kontaktperson:
Tiltakskonsulent
Anne Berit Sætre
Tlf. 48 11 30 76
Ungdomsbasane
Ungdomsbasane er uformelle treffstader for ungdommar frå 8. klasse. På «basen» kan ein møte andre ungdomar, spela spel, berre «hengja» eller ha gode samtalar med trygge vaksne om alt ein lurar på som ungdom.
Vi har godt utstyrte musikkrom, diskotek, biljard, bordtennis, mange digitale spel, moglegheiter for å laga mat og eta gode måltid saman, sjå ein film, eller låna utstyr på Bua og finna på noko kjekt ute.
Ungdomsbase Sør
Ungdomsbase Sør finn du i Husnes sentrum, på nedsida av kulturhuset ved BUA.
- Måndag: 14:30 – 21:00 berre for ungdomsskuleelevar
- Onsdag: 18:00 – 22:30 berre for vidaregåandeelevar og eldre ungdom
- Torsdag: 18:00 – 22:30 ope for alle (tidspunkt 21:00 – 22:30 er hovudsakleg for dei eldste ungdomane, så sant ein ikkje lyt venta på buss/transport).
- Søndag: 18:00 – 22:00 for alle
Ungdomsleiar: Arve Rødland, telefon: 90 21 78 01
Ungdomsbase Nord
Ungdomsbase Nord finn du i Rosendal, på nedsida av ungdomsskulen.
- Måndag: 14:45 – 21:15
- Torsdag: 14:45 – 21:15
Begge tilboda er for alle ungdomar frå 8. klasse og ut vidaregåande.
Ungdomsleiar: Mauricio Weimar, telefon: 47 79 16 15
Halsnøy Ungdomsklubb held til på Øyatun Skule. Her finnes det blant anna gymsal til ulike aktivitetar, ps5, sløyd/formingsrom og andre kreative aktivitetar. Det vert servert pizza kvar samling.
Opningstider: Fyste onsdag i månaden. (Det kan av og til bli justeringar dersom det er andre arrangement, så ta kontakt dersom du er i tvil)
Ungdomsleiar: Heidi Bolette Jakobsen, telefon: 95 12 43 49
E-post: heidi.bolette.jakobsen@kvinnherad.kommune.no
Hatlestrand Ungdomsklubb held til på Hatlestrand Skule. Her finnes det valgfrie aktivitetar i hall og gymsal, e-sportrom, FIFA, kinosal, teikning, perling av armbånd og lignande. Det er salg av pizza og brus.
Vårhalvåret 2025 er ungdomsklubben open følgjande datoar: 3. Januar, 7. Februar, 7. Mars og 25. April.
Opningstidene er 19:00-22:30
Ungdomsleiar: Lillian Eikeland, telefon: 48 05 87 14
E-post: lillian.eikeland@kvinnherad.kommune.no
Utekontakt
I Kvinnherad kommune er vi tre utekontaktar som jobbar tett saman med dei andre i familiestøtta.
Vi er der ungdom er (på senteret, fotballbanen, på basane, ute i friminutt på skulane, eller der ungdom samlar seg ute på kveldane). Vi er fast på ungdomsbasane måndagar og onsdagar/torsdagar, og tilgjengeleg på snap om du vil snakke med oss.
Vi ynskjer å støtte deg i det du opplever som vanskeleg i kvardagen din. Vi ynskjer at du ikkje går for lenge med vanskelege tankar.
Vi høyrer ofte frå ungdom at dei har tankar om at dei ikkje strekk til, at dei ikkje er bra nok og opplev at dei ikkje passar inn, eller at dei ikkje ser bra nok ut. Mange beskriv følelsar om å være sliten, trist eller redd. Matlyst, konsentrasjonsvanskar eller søvnvanskar er vanlege tema ungdom snakkar med oss om. Ofte har vi samtalar om seksualitet, vener og familie. Ingen tema er feil, ingen problem er for små eller store.
Vi i utekontakten har teieplikt. Vi har og ein plikt til å være ansvarlege vaksne som hjelper deg med det du slit med. Av og til betyr det at vi må snakke med foreldra dine og kanskje andre tenester som kan hjelpe deg betre. Men vi gjer aldri noko utan at du veit om det. Vi er opptekne av at dine tankar og meiningar alltid kjem fram.
Vi trur på deg og vi er her for nettopp deg.
Opningstider Utekontakt (På «Sofarommet» på Ungdomsbase Sør):
Måndag 17:00-19:00 (Britt/Kristine)
Onsdag 18:00-20:00 (Kristine/Marte)
Annankvar torsdag (partalsveker) 18:00-20:00 (Britt)
Utekontaktane er:
Britt Irene Hamre, telefon: 90 16 06 12, snap: utebritt
Kristine Mikkelsen, telefon: 90 09 17 35, snap: utekristine1971
Marte Prestnes Ersland, telefon: 48 86 48 50, snap: marteutekontakt
Helsestasjon for ungdom er eit viktig tilbod for deg som er ung! Der kan du få god hjelp til alt ungdom ofte lurar på om pubertet, seksualitet, psykisk helse eller andre ting. Les meir her!