Kontakt

Styrar
Mona Herskedal Fjelland
Tlf. 940 07 991 / 53 47 00 80

Avdelingar
Skulespira, tlf. 940 07 992
Skogstrollo, tlf. 469 48 604
Haugtussa, tlf. 913 69 115
Månetoppen, tlf. 915 38 537   
Tiriltoppen, tlf. 913 82 352

Opningstider: 06.30 - 17.00

Heimeside: https://halsnoy.espira.no/

Om barnehagen

Barnehagen ligg i byggefeltet Eidsmarka på Halsnøy i Kvinnherad kommune. Me har 5 avdelingar med plass til ca. 90 barn i aldersgruppa 0-6 år. Barnehagen har eit stort og flott uteområde, med nærheit til skog, turområde og strender. Friluftsliv er ein stor del av kvardagen vår. Me er opptatt av mat og gode matvanar og har fullkost tilbod. Me har gratis bleier til dei som treng det.

Visjonen vår er sol ute, sol inne. Den fortel korleis barna skal ha det og kva personalet skal gjera. Om barna er ute eller inne, glade eller lei seg, så skal dei vera i trygge omgivnader saman med vaksne som bryr seg og tar våre på dei.

Me arbeider etter kjernekomponentane i Vera Saman som blant anna inneber å vera ein autoritativ vaksen i god relasjon med kvart enkelt barn. Synet vårt på barn er at barn er fylt av fantastiske evner og eigenskapar. Dei søker heile tida å skapa meining i samhandling med omverda. Barn i vår barnehage skal oppleva oss som deltakarar i meiningsskapinga i eit trygt, omsorgsfullt og inspirerande miljø.

Satsingsområda våre er språk, realfag og røyrsle. Me samarbeider med Forskarfabrikken.