Kommunikasjon mellom føresette og skulane Kvinnherad har tidlegare føregått i ei SMS-løysing, med eige nummer til lærar/skuleleiar.

Ny kommunikasjons-app - frå 15.mars - den ser slik ut:  31z P 3V 5ZWffNfR 7AAAAAElFTkSuQmCC

 

Føresette lastar ned Min Skole – foresatt på telefonen og kommuniserer med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har òg ein funksjon der føresette sjølv legg inn melding om fråvær.

Med appen aktivert kan føresette

  • Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til

  • Motta melding frå tilsett/skulen, inkl. varslingar t.d. på SFO og Digitale skjema

  • Melde og redigera fråvær

  • Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO - tilstedeværelse

  • Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO - tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar

Appen Min Skole – foresatt, er allereie klar til bruk og vi ønsker at føresette lastar ned og loggar seg på appen så fort som mogleg. SMS vil framleis fungera i ein overgangsperiode fram til påske.

Dei som evt. ikkje kan bruka appen på telefonen sin har to alternativ:

Dersom du ikkje får til å bruka appen eller alternativa, ta kontakt med skulen.

Viktig:

Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. For å lesa halvårsvurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga på med id-porten på https://skole.visma.com/kvinnherad/

For meir informasjon:

Informasjonsfilm

Last ned appen: Min skole-foresatt

Rettleiar: Min skole-app

Rettleiar: Visma Flyt Skole