Epost kan vere ein usikker kanal for sensitiv post. Det kan og vere ein omveg for post som skal inn i kommunen sitt arkivsystem. Ved å ta i bruk eDialog opnar vi for sikker, rask og effektiv handtering av post inn til Kvinnherad kommune.

Du kan bruke eDialog om du skal:

  • Sende dokument til sakshandsaming eller journalføring
  • Sende sensitiv post med konfidensielle opplysningar
  • Sende dokument til eksisterande sak

Du treng ikkje bruke eDialog om:

  • Kommunen har eige elektronisk skjema til føremålet. Søknadskjema finn du under sida Skjema A-Å og/eller under dei ulike tenestene.
  • Du har generelle førespurnadar eller spørsmål. Då kan du kontakta oss på chat, telefon, eller sende epost til innbyggjarservice@kvinnherad.kommune.no

Korleis mottek vi post du sender inn med eDialog?
Kvinnherad kommune sitt dokumentsenter mottek di innsending og vidareformidlar til rett person/sakshandsamar same dag eller neste dag. Svar vert sendt til din elektroniske postboks. (Altinn, Digipost el. eBoks)

SEND INN POST HER

Slik fyller du ut skjema

  • Velg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnr.) eller om du representerer ei verksemd (org.nr).
  • Obligatoriske felt er merka med *
  • Gje ein god skildring av sendinga di. Kommentarfeltet vert lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga di.
  • Er Kvinnherad kommune sitt saksnummer kjent, ver venleg å skriv dette i feltet «tittel» saman med tittel på innsendinga. Eksempel: «2019/158 – Revidert sikringsplan»
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg.
  • Klikk på «send ?» Du vil motta ein kvittering på e-post

Sending av dokument som er «Unnateke offentlegheit»
Tenesta er godt eigna til å sende inn dokument som er merkat «unnateke offentlegheit». Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. NB! Hugs å merke tittelfeltet med «UO» i tillegg til sakstittel.

eDialog kan og brukast til å svare på brev frå kommunen 
Eksempel: Vi sender deg eit brev der vi ber om svar frå deg. Du får varsling på epost/tlf og kan opna det i din valgte elektroniske postboks (Om det er Altinn, Digipost eller e-Boks). I brevet finn du lenke til eDialog skjemaet. "Svar på denne sendinga". Du logger inn og sender svaret til oss. Svaret går direkte til sakshandsamar i vårt system. På denne måten kan vi handtere både utgåande post, og svar fullelektronisk i vårt sak/arkiv system.

Vi oppfordrar privatpersonar og næringsliv til å ta i bruk eDialog. Det er fleire fordelar:

  • Det er ein sikker kanal for å sende oss post. Informasjonen vert overført kryptert.
  • Det gjev ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Vi mottek posten din raskere. Dokumenta vert sendt elektronisk og motteke direkte i vårt system. Sakshandsamar mottek posten same dag eller neste dag.