Desse trygge og blide damene møter deg på samfunnshuset i Rosendal når du kjem for å ta koronavaksine. Ingeleiv Klette og Kjersti Hus (gule vestar) er to av seks stykk frå Rosendal helselag som rullerer på å hjelpa til på vaksinedagane. Med så mange smilande andlet og hjelpande hender er det beint fram kjekt å koma for eit sprøytestikk. Vi ynskjer å takka dette framifrå apparatet som hjelper oss eit steg vidare for ein pandemifri kvardag!