Privat detaljreguleringsplan for del av 226/2 m.fl., fritidsbustader og småbåtanlegg på Gjerde – Borgundøy, Kvinnherad kommune (Planid: 20180006).
I medhald av plan og bygningslova § 12-8, vert det med dette meldt oppstart av arbeid med detaljregulering for gnr. 226 bnr. 2 m.fl., Gjerde – Borgundøy, Kvinnherad kommune.

Planstatus og føremål

Følgjande planar gjeld i planområdet, og vil bli heilt eller delvis erstatta av ny plan:

- Detaljreguleringsplan for delar av 226/2 m.fl. – Hyttefelt Gjerde – Borgundøy med planID: 20130005

- Strandplan for Gjerde, Borgundøy – Halsnøy (planID: 19790005)

Områda kor plangrensa går ut over grensene for reguleringsplan med planid: 20130005 i sjø, er vist som Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone i gjeldande kommuneplan.

Hovudføremålet med reguleringsendringa er å fortette eksisterande hyttefelt med 4-6 hyttetomter. Tal og plassering lyt ein sjå nærare på i planprosessen. Ein ynskjer også å regulere inn fellesnaust i tilknyting til eksisterande naustområde og sjå på moglegheita for å regulere inn nokre båtplassar for dei nye fritidsbustadane. Vidare ynskjer ein å betra tilgjenge i strandsona ved å etablere ein kai/gangveg frå området kring den eksisterande småbåthamna og bort til badeområdet.

Planområdet utgjer totalt ca. 78,3 daa.

Det er vurdert konsekvensutgreiing, og administrasjonen i Kvinnherad kommune har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for slik utgreiing.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad på planarbeidet skal sendast skriftleg til: Gøtz AS v /Kari Hilde Rommetveit, Sæ 132, 5417 STORD eller til post@goetz.no innan 11.04.2019.

Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Gøtz AS v/ Kari Hilde Rommetveit, tlf. 97653972.

Her finn du dokumenta i saken.