I møte 02.10.19, saksnr. 2019/118, har forvaltningskomiteen i Kvinnherad kommune, med ein del forbehold, vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljplan for deler av 2/180 og 83/5 m.fl. – næring og bustadar Baronivegen - Rosendal – Baronivegen 4 AS, sist revidert den 19.08.19 (planid.: 20180008), blir lagt ut til off. ettersyn. Planforslaget er utarbeida i regi av Ard arealplan AS.

Området er todelt og  vert føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg, kjøreveg, fortau, gangveg, annan veggrunnteknisk anlegg, annan veggrunn grøntareal, kollektivholdeplass, parkeringsplass og kombinert formål for samferdselsanlegg), grøntstruktur  (naturområde), bebyggelse og anlegg (frittliggjande småhus, blokker, kombinert bustad/forretning), bruk og vern av sjø- og vassdrag (naturområde) omsynssoner (sikring, støy og faresoner som frisiktsone og flaumfare m.m.) og juridiske linjer og punkt.

Tiltakshavers hovudutfordring vil bli å utvikle tilkomst til hovudveg, etablering av ny busshaldeplass, samt å ta ansvaret for estetiske utfordringar og flomsikre området i.h.t. flomrapporten som vart utarbeidd i 2015 (sjå vedkegg).

Deler av det omsøkte område blir omtalt som føresegnssone #A med gjeldande reg.plan Rosendal sentrum (planid.: 20070003). #A seier at reguleringsplanen gjelder saman med kommuneplan, men at ved motstrid gjelder kommuneplanen. Planforslaget blir behandla etter ny plan- og bygningslov, som detaljplan.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 06.12.19.

 

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/Ingo Bewer seinast 06.12.19.

Vi gjer merksam på at saksframlegg, plankart, planomtale, Ros-analyse og føresegner m.m. bare blir sendt til myndigheiter.

Vedlegg i saken