I møte 09.02.22, vedtaksnr. 2022/9, har forvaltningsutvalet i Kvinnherad kommune vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljreguleringsplan for del av 229/1 med fleire - Bustader i Teigarustene - Husnes - Planid 20180002, sist revidert den 18.11.21, blir lagt ut til off. ettersyn med ein del vilkår. Planforslaget er utarbeida i regi av Bombus Arkitektur og vart revidert på nytt i.h.t. vilkår i vedtaket den 13.03.22.

Planområdet utgjer ca. 27 daa. Planarbeidet tek sikte på ei vidareutvikling/fortetting av eksisterande bustadområde på Teigen austover. Tiltakshavar følgjer delvis traseen for bustad-, skogs- og landbruksveg ( privat veg) der han skal etablere tilkomstveg for dei 39 nye eigedomane (dette er fordelt på omlag 10 tomannsbustadar og 12 einebustadar). Parkering er tenkt på eiga tomt.

Arealbruksføremål i Kommuneplan for Kvinnherad kommune (godkjent den 22.03.18; planid.: 20140002). Det omsøkte området blir omtalt som framtidig bustadområde B-08-05 med plankrav. Nord- og sørvest for området er det to eksisterande bustadfelt (ikkje regulert).  Vest for området er det dessutan eit eksisterande næringsområde (BN101). Aust for planområdet liggjar LNF- område, der det har etablert seg eit grus- og steintak (dette inngår ikkje i planforslaget). Kommunen gjer merksam på at Teigarustene samt ein del andre områder i kommunen, har vist seg til å ligg innafor marin grense.

Vi ber med dette NVE om å ta sikte spesiell på vedlagte planomtale pkt. 10 (under planskildring) og ROS-analyse i.h.t. masseras/skred. Vi ynskjer ein uttale.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 30.04.22 på følgjande stader: Kvinnherad bibliotek i Husnes og Kvinnherad kommune sin heimesida under kunngjeringar

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ Ingo Bewer seinast den 30.04.22.