I møte 16.12.20, vedtaksnr. 2020/108, har forvaltningsutvalet i Kvinnherad kommune vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljplan for 152/1 +2 m.fl.  Bustadområde Bjelland – Sunde – Tormod Gjerde Opdal - Planid.: 20190003, sist revidert den 15.10.20, blir lagt ut til off. ettersyn. Planforslaget er utarbeida i regi av ABO plan & arkitektur AS .

Planområdet utgjer ca. 35,5 daa. Planarbeidet tek sikte på ei vidareutvikling/fortetting av eksisterande bustadområde på Bjelland, på Sunde i Kvinnherad kommune.

Det er planar om å utvikle eit bustadområde på delar av gbnr. 152/1 og 2. I tillegg er gbnr. 152/99, samt delar av gbnr. 152/4, 34, 36, 37, 39, 61, 62, 63, 70, 71, 74, 75, 77, 84, 85, 86, 87, 95, 98, 101, 102, 111, 151, 156, 172, 173 og 174 innlemma i planområdet, for å sikre valmogelegheiter for tilkomst. Tiltakshavar vil følgje traseen for bustadveg (Bjellandsvegen og Jensavegen; begge kommunale) når ein skal etablere tilkomstveg for dei ca. 25 nye bustadeiningar. Parkering er hovudsakleg tenkt på eiga tomt.

Arealbruksføremål i Kommuneplan for Kvinnherad kommune (godkjent den 22.03.18; planid.: 20140002): Det omsøkte området blir omtalt som framtidig bustadområde B-09-01 Bjelland med plankrav. Vest og aust for området er det to eksisterande bustadfelt (ikkje regulert). Den sydlege delen av planområdet er LNF- område. Området er tatt ut av nåverande LNF- området. Sør for området med noko avstand liggjar sjøen.

Det vart i april 2020 varsla oppstart av områderegulering for Sunde tettstad (PlanID 20190004).

Kommunen gjer merksam på at Bjelland, samt ein del andre områder i kommunen, har vist seg til å ha potensial som fareområde for kvikkleire. Dette då det er synt marine strandavsetningar i området. Vidare at dette skal fagleg utgreiast. Norconsult vart difor engasjert til å undersøke og vurdere den reelle faren for kvikkleire i området. Norconsult undersøkte området i oktober 2020, og gjennomførte prøvegraving den 14.10.2020 med grave-maskin. Synfaring av den søre delen av planområdet avdekka fast fjell, dvs. at det ikkje er marin leire eller fare for kvikkleire her. I nordre del av planområdet, mot Vågsvegen, fann dei meget faste massar, og kunne konkludere med at det ikkje er kvikkleire i aktuelt område (ein områdestabilitetsvurdering utarbeidd av Norconsult er ferdigstilt, og er lagt med som vedlegg).

NVE har blitt gjort merksam på om å ta sikte spesiell på områdestabilitetsvurderinga,.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget også ut til offentleg ettersyn fram til den 26.02.21 på Kvinnherad bibliotek i Husnes. Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ Ingo Bewer seinast den 26.02.21.

VEDLEGG