Rett til å gi samtykke

Dersom kommunen skal kunne nytte personopplysningar om einskildpersonar, må minst ein av desse føresetnadane vere til stades :

  • Det kan liggje føre eit rettsleg grunnlag. Det vil seie at den aktuelle bruken av personopplysningar er heimla i lov og skildra der.
  • Det kan liggje føre ein situasjon der det er underforstått at ein må nytte personopplysningar. Døme på dette kan vere legebesøk, der ein legg til grunn at vedkomande skjønar og aksepterer at legen brukar og lagrar personleg informasjon.

Ut over dette skal all bruk av personinformasjon vere basert på at det er gitt samtykke.

Men då er det viktig at den som samtykkjer, veit kva det gitt samtykke til. Det er dette som vert kalla informert samtykke. Som eit minimum bør den som skal gi samtykke, få vite

  • kven som er ansvarleg for forvaltninga av informasjonen,
  • kva informasjonen skal nyttast til,
  • korleis informasjonen vert nytta,
  • kven som får del i informasjonen,
  • korleis og kor lenge informasjonen vert lagra.

Eit samtykke skal vere frivillig og uttrykkeleg.

At samtykket skal vere frivillig, betyr at den som blir beden om å gi sitt samtykke, er innforstått med og aksepterer kva som ligg i å seie "ja", og er merksam på moglege konsekvensar av å seie "nei".

At samtykket skal vere uttrykkeleg, betyr at den som samtykkjer må foreta ei aktiv handling for å gi samtykke. Døme på ei slik aktiv handling kan vere å krysse av i ein rubrikk på eit skjema.

Det er den som forvaltar personinformasjonen som er ansvarleg for at det ligg føre eit gyldig samtykke, og at dette samtykket er dokumentert.
Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar knytt til samtykke. Det kan du lese meir om her.

Rett til innsyn

Som privatperson har du lovfesta rett til å rett til å få vite kva informasjon kommunen måtte ha om deg som individ. Kommunen har plikt til å gi deg innsyn i dette innan 30 dagar. Innsynet skal omfatte minimum desse opplysningane :

  • Kva informasjon kommunen har.
  • Føremål og heimel for bruk av informasjonen.
  • Rutinar for lagring og sletting.
  • Kven kommunen kan dele informasjonen med.
  • Kven som er forvaltningansvarleg for denne informasjonen i kommunen.

I utgangspunktet kan kommunen forvalte store mengder med personinformasjon om ein person. Det er likevel ikkje sikkert at kommunen har så mykje informasjon om deg – det kjem mellom anna an på i kva grad du er brukar av kommunale tenester.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om din rett til innsyn. Det kan du lese meir om her.

Rett til å protestere

Nokre gongar kan personopplysningar om deg verte handsama utan at du har gitt ditt samtykke til det. I ein del høve kan du protestere på dette. Ein slik protest fører med seg at kommunen ikkje lenger kan nytte personopplysningane.

Med mindre personopplysningane vert nytta til andre føremål som du ikkje kan motsetje deg, eller som du har gitt samtykke til, skal desse opplysningane slettast.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om din rett til å protestere. Det kan du lese meir om her.

Rettar ved automatiserte avgjerder

Digitalisert sakshandsaming kan opne for at avgjerder vert tekne automatisk på grunnlag av informasjon kommunen alt har den einskilde. Dersom desse avgjerdene vert tekne

  • utan at eit menneske har reell innverknad på dei, eller
  • dei har rettsverknad eller annan tilsvarande stor innverknad på deg

er slik handsaming forboden.

Ein skal merke seg at dette forbodet kun gjeld store og viktige avgjerder. 

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar ved automatiserte avgjerder. Det kan du lese meir om her.

Rett til korrigering av feil

Kommunen skal, så langt dette er praktisk mogleg, unngå å bruke feilaktig informasjon. Ein kan likevel ikkje gardere seg 100% mot at opplysningar inneheld feil.

Dersom ein person oppdagar feil i informasjonen kommunen har om vedkomande, kan den det gjeld krevje at feilen umiddelbart vert retta.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar til å få feil korrigert. Det kan du lese meir om her.

Rett til å verte varsla ved avvik

Dersom det skjer eit avvik i høve oppsette rutinar for ivaretaking av datatryggleiken, skal ein umiddelbart vurdere om avviket kan ha medført ein høg risiko for personvernet til den/dei som måtte vere råka av avviket. Vurderer ein at dette er tilfellet, skal vedkomande ha varsel om dette snarast mogleg. Varselet skal vere utforma slik at det er lett å forstå.
Som eit minimum skal varselet innehalde

  • ei skildring av avviket,
  • ei skildring av moglege konsekvansar for avviket,
  • ei skildring av kva som er/vert gjort for å stanse avviket og avgrense konsekvensane for dei som er råka av avviket,
  • kontaktinformasjon til personar i kommunen som ein kan vende seg til.

Kommunen kan velge å la vere å varsle kvar einskild som er råka dersom

  • det er iverksett tiltak som gjer at personopplysningane ikkje kan lesast av uvedkomande,
  • det er iverksett oppfylgjande tiltak som gjer at risikoen for personvernet ikkje lenger er reell,
  • dersom det er vanskeleg å informere kvar einskild av dei som kan vere råka av avviket. I så fall skal informasjon om avviket gjevast på ein slik måte at alle som kan vere råka, får kjennskap til det.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar til å verte varsla ved avvik. Det kan du lese meir om her.

Rett til flytting av data - dataportabilitet

Denne retten gjev deg høve til å hente ut  personopplysningar som kommunen har om deg, til gjenbruk andre stader. Dette gjeld opplysningar du frivillig har gitt til kommunen, eller som du har gitt kommunen gjennom din aktive bruk av tenester.

Retten omfattar ikkje data kommunen sjølv har produsert på bakgrunn av data du har gitt frå deg. 

Retten til flytting av data kan berre utøvast i den grad han ikkje krenkjer andre personar sine rettar til personvern.

Opplysningane skal vere krypterte og i eit format som kan lesast av andre ikt-system.

Det er verdt å merke seg at informasjonen som vert utlevert på denne måten, ikkje umiddelbart er eigna for lesing av personar. Ynskjer ein å verte orientert om kva informasjon kommunen måtte ha om ein, sender ein kommunen ei begjæring om innsyn.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar til å flytte data. Det kan du lese meir om her.

Rett til sletting

Det er fleire grunnar til at du kan krevje sletting av personopplysningar om deg :

  • Dersom kommunen lagrar feilaktige, mangelfulle eller ikkje naudsynte personopplysningar, skal desse slettast eller rettast.
  • Dersom eit dokument vert misvisande etter at opplysningar er blitt sletta, skal heile dokumentet makulerast.
  • Du kan ha rett til å krevje at opplysningar som er sterkt belastande for deg, vert sletta. Dette vil i så fall skje etter ei heilskapsvurdering.

Eit alternativ til sletting er sperring av personopplysningane. Då er det berre personar med særskilte tilgangsrettar som har høve til innsyn i opplysningane.

Retten til å få personopplysningar sletta, er ikkje absolutt :

  • Anna lovgjeving kan avgrense plikta til å slette personopplysningar.
  • Opplysningar som vert nytta til historiske, vitskaplege og statistiske føremål kan lagrast og brukast sjølv om dei ikkje lenger er naudsynte.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar til å verte varsla ved sletting. Det kan du lese meir om her.

Rett til avgrensing av bruk

Av og til kan ein ha ynskje om at kommunen ikkje slettar opplysningane, men unnlet å bruke dei i visse samanhengar. Ei slik avgrensing fører med seg at kommunen nyttar informasjonen i nokre situasjonar, men ikkje i andre.

Dette kan vere aktuelt dersom du til dømes har brukt din rett til å protestere, og protesten er under handsaming.

Det kan også vere aktuelt i situasjonar der du meiner det er i din interesse at informasjonen vert lagra hos kommunen. Eit døme på dette kan vere at kommunen ikkje har sakleg grunn til å nytte opplysningane lenger og difor skal slette dei, men du ynskjer at dei vert lagra for å kunne dokumentere grunnlag for eit rettskrav.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar til å avgrense kommunen sin bruk av dine personopplysningar. Det kan du lese meir om her.