Det er Kvinnherad turlag som har teke på seg å drifta hytta, medan det er Kvinnherad kommune som bygg og eig hytta. Det er sjølvsagt opent for å ta turen opp til Nautavatnet for å sjå hytta utvendig no. Å sitje i solveggen mot Nautavatnet gjev allereie god le for nordavinden. Verk merksam på bandtvang – det er mykje sau i terrenget frå Fjellhaugen og opp til Nautavatnet.

Hytta er fastgjort i fjell, og vi har von om at hytta ikkje fangar for mykje snø til vinteren. Dette siste vil vi følgje nøye med på, og eventuelt gjere noko tiltak for å kunne halde inngangen så fri for snø som mogleg.

Du må vere budd på at dagsturhytta framleis er eit byggjeområde. Framover skal det plukkast sprengstein som ligg i terrenget, og arronderast rundt hytta. Saman med turlaget skal vi også prosjektere og setje i drift ein utedo.

Hytta har store flater med vindauge, som gjev god utsikt både mot nord, sør- og aust. Hytta blir kledd med trebord, som er brent og olja. Utvendig blir det også to takutstikk som ein kan sitja under, og to «tribunar» felt inn i takkonstruksjonen, som ein kan sitja i.

Innvendig blir hytta innreidd med ein enkel vedomn, ein benk og ein hems. Hytta blir utstyrt med eit minibibliotek, og eit solcelleanlegg til leselys og ein ventilasjonsløysing. Hytta skal ikkje nyttast til overnatting eller til matlaging. Publikum vil bli oppmoda om å ta av seg skoa før dei går inn. Det er mykje som talar for at publikum må bere med seg ved opp sjølve no i haust, medan endeleg vedløysing vil vere opp til turlaget og avgjere.

Stien frå parkeringa og opp til dagsturhytta skal skiltast, merkast og utbetrast saman med turlaget. I nokre parti er det ganske bløytt, og vi tilrår gode, vasstette fjellsko.

Her kan du sjå fleire bilete og filmar av prosessen, samt lesa meir om hytta: www.kvinherad.kommune/dagsturhytta