Kartet som følgjer brevet viser den nye plangrense i raudt samanlikna med varslingsgrensa frå hausten 2020 i blått.

Føremålet

Hovudformålet med planen er om lag det same som ved planoppstart hausten 2020. Kommunen ønskjer å betre trafikksituasjonen og trafikktryggleiken, spesielt for skuleelevar og andre gåande og syklande langs Fv. 500 - Omvikdalsvegen - på strekninga mellom Best-stasjonen i nord og krysset med Fetvegen i sør.

Samstundes ser ein no at det er gode grunnar til å regulere for ny bru over Storelva for biltrafikk i tillegg til gåande og syklande. Dei ulike punkta på strekninga der plangrensa vert endra er skildra frå Vågaberget i nordaust til Fetvegen i sørvest.

Utvidingar skjer fleire stader i planen, og det er ulike vurderingar som ligg bak. Bakgrunnen er ulike ønskje frå grunneigarar og naboar, avklaringar med Vestland fylkeskommune som er både vegeigar og vegmynde, samt ei politisk vurdering av at ein bør planleggje for ny køyrebru i samband med gang- og sykkelvegen.

Heilt nordaust i planområdet er det ikkje lenger aktuelt å regulere gjennomgåande gang- sykkelveg frå sør til nord på Vågaberget. Framleis vert det lagt opp til at Vågaberget 11, 13 og 15 får ny tilkomst frå baksida av Best-stasjonen, og at dagens køyretilkomst frå Fv. 500 vert stengd for bilar og berre nytta som gang- og sykkelveg.

Ved naustrekkja er det ei lita utviding for å sikre nok areal til ei utbetra avkøyring frå hovudvegen. Sjølve naustbygga vil liggje utanfor plangrensa.

Sør og aust for Best-stasjonen, med bilverkstaden og bilutsalet, er plangrensa ganske lik den opphavlege. Ei føring i dette området vil vere å redusere inngrepet i landbruksareala så mykje som mogleg og samstundes gje bilverksemdene tilfredsstillande inn- og utkøyring samt noko utviklingsareal.

Ved Landavegen er planområdet endra for å gje rom for utviding til to køyrefelt inn mot krysset ved fylkesvegen.

Sjølve tunskipnaden til eigedom 95/3, Omvikdalsvegen 97, er tatt ut av planområdet. Framleis vil ein truleg legge opp til at tunet får ny køyretilkomst i sørvest frå sidevegen til Omvikdalsvegen. For det vidare planarbeidet vert det lagt til grunn at det skal vere mogleg å kome til med køyretøy til alle sider av driftsbygninga som ligg nærast fylkesvegen, noko som kan kome til å krevje endringar.

Ei stor endring i planen gjeld kryssinga av Storelva. Her vert det no planlagt for ei ny bru med køyreveg og gang- og sykkelveg, noko nærare fjorden og nord for dagens veg. Sjå førebels arbeidsteikningar:

F 86uh 0hLPHWdwAAAABJRU 5ErkJggg==

Avstanden til eksisterande bru gjer det mogleg å nytte denne i byggjeperioden for ny bru. Undersøkingar tyder på at grunntilhøva er tilfredsstillande i dette området. Ei ny bru som kjem til erstatning for den gamle, har ei føremon med tanke på flaumrisiko. Den nye brua kan hevast for å gje tilstrekkeleg rom for vassføring, samstundes som at den gamle brua vert fjerna, og ikkje lenger kan forverre ein flaumsituasjon ved å fungere som ein propp i elvelaupet. Noko areal i områda vest for elva kan verte aktuelle å regulere til rigg- og anleggsområde.

Ein legg elles framleis opp til ei kryssutforming som sikrar eit meir trafikksikkert køyremønster for bussar mellom Omvikdalsvegen og Fetvegen. Planområdet rundt Fetvegen er i fyrste rekkje utvida for å ha naudsynt areal for ei god tilkomst til gardstunet på eigedom 112/1, Fetvegen 2. Grunntilhøva er undersøkte og tyder på at ein treng å undersøkje nærare utforming av sideterrenget til ei ny vegline. Utvidinga gjev rom for å vurdere tilknyting anten til Fetvegen eller Åsavegen. 

Innspel til utvida plangrense:
Utvida plangrense.pdf
Innspel skal sendast skriftleg til: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, eller til post@kvinnherad.kommune.no

For spørsmål, ta kontakt med Anne Lise Næs
anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 47 67 99 67

Frist for innspel er 25.03.2022

Vidare saksgang

Etter fristen for innspel er gått ut, vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter lagt til politisk behandling. Etter fyrste gongs behandling i planutvalet, vert planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å kome med merknader før vidare politisk behandling.