Om barnehagen

Bringedalsbygda barnehage blir frå hausten 2022 tre avdelings-barnehage. Villvettene er den nye gruppa vår som held til nede i HIL huset. Der skal inntil 12 barn møtast kvar dag før dei går ut og har eit godt pedagogisk tilbod ute på ulike stader i bygda vår.  

Solsikkene held fram som ei blanda gruppe frå 2 år til 4 år med inntil 20 plassar. Gruppa er godt bemanna. Tilbodet her vil vera godt tilrettelagt for dei som går der, med gode pedagogiske tilbod både inne og ute. Heile bygda vil bli brukt til turar og ulike aktivitetar. 

Blåklokkene held fram som ei gruppe på 9 barn under tre år. Tre trygge tilsette som set tryggleik, god omsorg for dei minste barna som det viktigast for denne gruppa. Det blir eit godt tilbod pedagogisk som er tilpassa dei yngste «arbeidsfolka» våre. Heile bygda vil bli brukt  til turar og ulike aktivitetar. 
 

Vi jobbar med
Vera saman - kompetanseløft i barnehagen. 

Fem kjerneverdiar:

  • Vaksenstilen
  • Tidleg innsats
  • Kommunikasjon og samspel
  • Handtering av utfordrande åtferd
  • Implementering og organisasjonsutvikling 

Språk og realfag er nasjonale satsingsområde som høver godt inn i det daglege livet i vår barnehage. Barna får begge fagområda tilpassa sine behov og ynskjer. Dei er med å påverke innhaldet i kvardagen sin på ein positiv måte.

Vi brukar heile bygda vår som ein del av barnehagtilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om bygda og naturen vår. Vår tanke er at barnehagen er så langt barna klarar å gå til!

Vi vaksne jobbar etter  visjonen: «Vår barnehage ynskjer varme og grensesettande vaksne med relasjonar som skapar trygge og nysgjerrige barn».

 

Opningstider: 06.45 - 16.30

Råd og utval

FAU
Blåklokkene:
Leiar: Øystein Litsheim tlf: 41 56 41 45
Vara: Silje Reime-Johansen tlf: 97 74 66 51
          Atle Reime-Johansen tlf: 90 05 66 09

Solsikkene:
Leiar: Tore Jakobsen tlf: 40 52 01 60 
Vara: Mariell Grindheim tlf 92 05 26 49

SU
Heidi Nyrud Uppheim (tilsette)
Anne Grethe Veastad (tilsette)
Øystein Litsheim (foreldregruppa)
Tore Jakobsen (foreldregruppa)
Kent Are Kjørsvik Petterson (politikar)
Alf Jarle Langeland (vara, politikar)
Solveig Vik (einingsleiar) - tale og møterett